I år vert min siste skitur allereie 28. oktober..
Ei slitt skulder skal bli bra igjen og då må både ski og klatring utebli ei tid framover.
Roger og Anne Marte vart med til Hytta på Mannen. Heldigvis har Roger skaffa seg 4WD så me kunne komme oss opp ein ubrøyta veg til Myri.
 |
Det vart ein lang tur når det endå var så lite snø at me måtte følge heile den svingete vanndalsvegen istaden for å kutte svingane og gå rett opp i terrenget. |
 |
Folk til fjells, her traff me jammen meg min kollega Gunnar :-)
|
 |
Steinete? |
 |
Steinete! |
 |
Men så ein kjempefin snødekt bakke! |
 |
Toppen! |
 |
Anne Marte og Vangsen. |
 |
Storen i skyene. |
 |
Hyttekos! :-) |
 |
Roger hadde med kaffi til alle. |
Det var litt steinete på turen, men faktisk var det ikkje så ille på nedkøyringa som eg hadde frykta.. me klarte svinge unna det meste av steinen.
Eg var iallefall superglad for å få meg ein tur - tusen takk for turen Roger og Anne Marte!! Gler meg til vårskiturar, då er eg klar att :-)