Chartertur - for andre gang i mitt liv. Forrige gang i 2004 med Tanya.
Denne gongen vart det til Tenerife med Charter-Endre (tidlegare Svalbard-Endre). Ilag med pensjonistar og småbarnsforeldre vart me henta ved flyplassen og køyrt heilt til hotellet. Uvandt, men veldig behageleg, å sleppe leite og finne ut av alt sjølv. Kontrast til Tyrkia-turen i januar der me brukte fleire dagar på å finne ut av bussforbindelsar ut til klatreområdet utanfor Antalya, Geyikbeyri. Kanskje å ta litt i, men det var iallefall usannsynleg styrete.
Tenerife har klatring og ingen av oss har vore å sett den før så derfor reiste me hit.
Vulkanen El Teide (3718 moh) er eit kjennemerke for Tenerife. Det går gondolbane opp til 3555 moh. Herfra og til toppen må ein har tillatelse og kun 150 personar pr. dag får gå dei siste vel 160 høgdemeterane.
 |
Me tok såklart ikkje gondolen.. ;-) På veg til Teide. |
 |
Restar frå utbrudd. Siste utbrudd var i 1909. |
 |
Rassikring ;-) |
 |
Hytte på vegen - Refugio de Altavista |
 |
Erfarne fjellfolk - alt for lite mat og klær og ei udugeleg hovudlykt. Cola-flaska me fekk kjøpt på ein automat på hytta vart redningen for resten av turen. |
 |
Einsformig landskap eit stykke |
 |
Er det ikkje slik det ser ut på Mars? |
 |
Toppen av gondolbana |
 |
Skyggen av fjellet i det sola går ned, utrule stilig! |
Dagen etter for me for å sjå på nokre av cragene på øya. Me hadde ikkje klatreførar, men visste at det var ein klatrebutikk i Granadilla som solgte. Butikken var derimot stengt pga helligdag. (Dro tilbake dagen etter og fekk kjøpt førar. Butikken er absolutt å anbefale. Trudde me skulle komme til noko småtteri, men det var ordentlig butikk med masse utstyr og klær).
Utan førar måtte me prøve finne klatrecrag på blikk.. Me køyrde til Arico som me visste skulle ha det største craget, eller iallefall blant dei mest kjente craga. Langt der oppe i skogen såg me oss ut noko som kunne vera klatrebart fjell og prøvde oss på ein smal grusveg.. og jammen traff me blink på første.
 |
Her var det folk, klatrefolk. Me hadde køyrt rett. |
 |
Skikkele stilig, ein minicanyon med noko som såg ut som veldig artig klatring. |
 |
Eg kunne ikkje klatre på denne turen, til frustrasjon for meg som vart gira.. kanskje litt frustrasjon for Endre og som ikkje hadde sikrar. |
 |
Ein snill fastbuande sikra Endre på ei rute. |
 |
Overheng |
 |
Taustegestart |
Ein fastbuande fortalte at dei beste cragene på Tenerife er Arico, Canada del Capricho og Guaria. Canada del Capricho er på rundt 2000 moh og ligg i Teide nasjonalpark. I Guaria finn du både sport- og tradklatring.
Eg vil tilbake for å få testa ut klatringa seinare. Sjølv om det ikkje er Kalymnos, trur eg det absolutt er verdt å ta ein klatretur hit ein gang. Om ein ikkje klatre, eller vil ha aktive kviledagar, kan ein drive med andre ting som bading, fjelltur, padling, sykling og, om ein driv med det, paragliding. :-)