Etter nokre dagar i Bishop var me tilbake i Yosemite. :-)
 |
After Seven |
 |
God og varm sol:) |
 |
Eg får ikkje med på bildet kor kult det opptaket der var, med eit slags småbratt dieder. Men det var grådig kult! Eg skulle ønske det var meg og ikkje Endre som hadde den lengda! ;) |
 |
Fin plass. |
 |
Endre på første taulengda av Nutcracker. Rute med masse fin og vedvarande klatring, anbefalast. |
 |
Vegvisar |
 |
Ser det ikkje, men det er masse folk i veggen der. |
 |
Ein kul sprekk på Manure Pile Buttress sektoren |
 |
Bra jobba :) |
 |
Commitment. Skikkeleg fin klatring, anbefalast! |
 |
Småtrangt for ein lang mann. |
 |
Stilig! |
 |
Tidlig dag, sola endå ikkje kome over El Cap |
 |
Her er me på East Buttress, 11 taulengder fin klatring. Denne anbefalast også. |
 |
Cathedral Spire i bakgrunnen. |
 |
Eg kosar meg, ei av dei siste taulengdene. |
Igjen kom me opp i mørket. Denne gongen blei det eit eventyr og ikkje så veldig kul retur. Etter masse leiting, dårlege rappellar og mange timar kom me oss ned. Det var ein grådig fin stjerneklar himmel denne kvelden også. :)
 |
Det blei ikkje storvegg på oss denne gongen. Vil gjerne klatre Regular Route på Half Dome ein gong, så me gikk oss ein tur nesten til innsteget for å ta ein kikk. :) |
 |
Hal i og dra seg opp |
 |
Der er veggen |
 |
Her går Regular Route. Det er folk på ruta her, men ikkje så lett å sjå. |
 |
I San Fransisco dro me ut til kysten for å sjekke ut paragliderplassar. Her var det folk som leika seg i vinden. :) |
 |
Her var det om å gjere å komme seg til stolen som var satt opp. |
 |
Ekstra vekt på veg heim |
Yosemite er absolutt å anbefala iløpet av eit klatreliv. Klatringa er utruleg bra. Samtidig er det ein fin dal og ein skikkeleg dyrepark. Det mest unike var at me såg gaupe to ganger. Det har eg ikkje fått sett heime endå ein gong. Begge gongene gikk den på stien til klatringa, og me sto rett ved. Ellers, av det eg kan hugsa, såg med bjørn, hjort, slangar, ekorn (tusenvis), vaskebjørn og ørn.
Så er dalen voldsomt rein og fri for bos. Det er bosbøtter overalt i skogen og toalett, smart!
Plassen ligg så nærme ekvator. Når sola begynne å gå ned så blir det mørkt nesten med det same, og slik er det heile året. Då likar eg Norge betre! Det er fint med Lofoten om sommaren når ein kan klatre når som helst på døgeret i dagslys. ;-) Borte kjempebra, men heime best!
Fleire postar:
http://draumetur.blogspot.no/2014/10/me-reise-til-yosemite.html
http://draumetur.blogspot.no/2014/10/nokre-dagar-i-bishop.html