Ingunn og Kjersti kom besøk til Sogn så me reiste til Store Austabotntind i det strååålande vêret. Endå tre dagar til Tindevegen opna, så me fekk ein transportetappe på eit par timar frå bommen ved Ringsdalen, t/r bil 14,5 time.
Me fekk ein absolutt fantastisk tur! Me fekk toppen for oss sjølv - 'alle andre' såg ut til å vera på Store Ringstind.
Godt å få seg ein langtur på ein slik flott dag - ikkje eit vindpust på toppen. Etter ein hittil litt laber turvår for min del var dette ein skikkeleg energiboost! :-)
 |
Ei mørk Kjersti på Tindevegen |
 |
Ingunn :) |
 |
Turdamer :-) |
 |
Opp til Vestre |
 |
Kjersti på Vestre. |
 |
Kjersti på veg ned ein 60 meter down-climb frå Vestre - eg var glad for sikring frå toppen ;) |
 |
Vestre bak meg. Foto: Kjersti Hervik |
 |
Siste parti før toppryggen |
 |
Toppryggen |
 |
Luftig opptak til toppen. Skue på Store Ringstind og Storen. |
 |
NYDELEG fjell!
Takk for turen og besøket, jenter!!! :-)
|