Isfjord Radio, tidlegare radiostasjon og bindeledd til fastlandet, ligg på Kapp Linné ytst i Isfjorden. Idag er stasjonen gjort om til eit kjempekoseleg hotell. Stilfullt innreda, nydeleg mat og hyggeleg personale. Hotellet har 48 sengeplassar. I påska var det heilt fullt, unntaket var frå søndag til måndag siste helga i påsken. Då reiste me dit! Angra ikkje på det nei! :-)
Det er turistsesong både vinter og sommar, utanom eit par månader i mørketida. Om vinter kjem ein seg dit ved hjelp av scooter eller hundeslede. Om sommaren reiser ein dit med båt.
Forutanom hotelldrifta nyttar Telenor stasjonen, f.eks som hjelp til Avinor.
|
Fantastisk turvær ettermiddagen 1. påskedag. Endre, Einar og meg på tur. |
|
Kapp Linné og Isfjord Radio framme på pynten der. |
|
Isfjord Radio. |
|
Isfjord Radio. |
|
Fantastisk god treretters av kokken Hasse. Denne kvelden var me kun fire stykk som overnatta på hotellet. |
|
Fint vær dagen etter også! Her på tur tilbake til Longyearbyen. |
|
Fridtjovbreen. |
|
Fangsstasjonen på Kapp Schollin. |
Reiseartikkel om kokk Hasse på Isfjord Radio og fangstmannen Tommy:
|
Hytta i bakgrunnen og Tommy fangstmann på scooteren. |
|
Selkjøt heng bjørnesikkert til tørk. |
|
Kan ikkje klage på desse flotte omgjevnadane. |
|
Svalbard har mange hytter omkring. Her køyrer me forbi Camp Morton. |
Takk for turen - det var ei kanon avslutning på påska! :-)
Kjempefin Svalbardrapport, Ellinor! Sjåast snart igjen!! Linda ;-)
SvarSlett