Sist gang eg og Ingrid gikk Krundalen rundt var for to år sidan. Då var det whiteout og ingen utsikt.
Så, på lørdag meldte det STOR sol heile dagen. I tillegg skulle regnet kome på søndag etter mange veker med knallvær. Samtidig er dette akkurat i siste liten før snøen blir veldig råten.
Eg var blitt frisk nok, så no kunne me ta turen igjen MED utsikt. Det vart ein laaang dag.. Været var upåklageleg, men skiføret var varierande og tidkrevande.
Men uansett, for ein dag og for eit område og for eit turfølge! :-)
Det blei seine natta før me kom heim i senga denne dagen, sjølv om me skulle sett at me var nede før mørket kom - for det vart bekmørkt. Når me kom til Røykjedalsstølen la me oss ned og slo av hovudlyktene. Der låg me og såg på den klare stjernehimmelen. Bevega ikkje ein muskel i dei slitne kroppane, og aller helst ville me berre ligge der og nyte den deilige følelsen..;-) Takk for turen, Ingrid! Epic!
Så, på lørdag meldte det STOR sol heile dagen. I tillegg skulle regnet kome på søndag etter mange veker med knallvær. Samtidig er dette akkurat i siste liten før snøen blir veldig råten.
Eg var blitt frisk nok, så no kunne me ta turen igjen MED utsikt. Det vart ein laaang dag.. Været var upåklageleg, men skiføret var varierande og tidkrevande.
Men uansett, for ein dag og for eit område og for eit turfølge! :-)
Ferdig pakka og klar. |
Jostedalen utan ei sky! |
Fint mot Haugastøl. Med ski på beina heile vegen, heldigvis! Sjå bilde under korleis me gikk forrige gang. |
For 2 år sidan - råten snø! |
Klabb&babb |
Bergsetbreen. |
Myrhyrna og Hurrungane. |
Ingrid kan ikkje anna enn å smile i slike omgjevnader. |
Steinmannen! |
Steinmannen. |
Steinmannen. |
Klar for turen vidare til Høgste Breakulen. |
Lodalskåpa og Brenibba i det fjerne. |
På veg vidare. |
Høgste Breakulen. Og tåke - å nei! |
Men det letta like fort som det kom! :-) |
Foto: Ingrid Bjørnerheim Hynne |
Hurrungane i kveldssol. |
Sola går ned! |
Og me er fortsatt på breen, og rekk ikkje ned før mørket kjem. |
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar