onsdag 21. august 2013

Kan ikkje kreve sol og varme i sommarferien, Palfyodden

Palfyodden ligg i Hornsund på Sør-Spitsbergen.
No tok eg ikkje særleg med bilder av dårleg vær herfra, men believe me, me hadde nokre nitriste dagar på Palfyodden. Utsatt som det var rett ut i storhavet. Me bestemte oss også tidleg for å flytte camp lenger inn i fjorden, til Treskelen. Men tok lang tid før me fekk gode nok forhold til å kunne flytte over. Så me låg i teltet og las bok, åt maaasse snop og sov maaasse. Me gjekk såklart på nokre lange turar også (i dei våte klærna og skoa våre som aldri tørka), og jammen fekk me ikkje ganske så bra med steinprøvar frå plassen. (det var jo eit feltarbeid det her). Alt for forskinga!

Men fy flate for ein utrule fin plass dette her var når sikten og finværet var der! Så fantastisk deilig å få ha ein slik plass heilt for seg sjølv - eg storkosa meg!

Bæring.
Var det bra hytte eller??
Me skulle bu på denne hytta, men den var i innmari dårleg stand. Inne var det mørkt, fuktig, rått, råttent og mugg. Alle vindauga var spikra att, som gjor det endå mørkare og tristare. Trur kanskje det var asbest i den også. Skikkeleg synd, for hytta ville vore veldig veldig fin og stor! Me fekk høyra at den var pussa opp ifjor, så veit ikkje kva som har skjedd her. Det ser ut som at det har vore bamse i hytta. I frykt for å utvikle astma eller kreft var det ikkje eit spørsmål for oss om me skulle legge oss inn i denne.


Herleg fint! Hadde du berre sett dette bildet, tippe eg at du ikkje hadde tenkt at dette var på Svalbard.
Faktisk fast fjell! Det finst her oppe! Trad-linjer på denne steinen.                                         Foto:Endre





Utsikt mot Hansbreen og dei flotte fjella over fjorden. Og sjå kor grønt det er. Så masse grått som det er på Svalbard, så var dette ein ganske frodig plass!


Rekognoseringscruising rundt i fjorden første dagen.

Og der! Mitt første glimt av tinden in reaL! Hornsundtind!

Kjempeisfjell

Same isfjell, skikkeleg stort.

Han Mikkel.




Frukost

Man tager hvad man haver.

Så etter nokre dagar kom to veldig hyggelege jenter, Lina og Hanna. Dei skulle og ut i felten. 
Her sit me i solveggen i bikinen vår og kjøler oss ned med noko kaldt i glaset..ja!

Flokkdyr? Stoppar ein stoppar alle.

Dette er artige dyr.

Jobbing.

Igjen: Fast stein og buldrebar!

(med dugg på linsa)

Ein kan spør seg kvifor meg ikkje buldra på ordentleg. Men me hadde ikkje pad, og det regna.. buu!

Middagskaffi

Desperat tørking i vinden innimellom regnbygene.






Her står me på stranda, så plutseleg tre meter ut i det grunne vatnet kjem det ein liten kval (den kvite skyggen like ved stranda).

Tett på kval.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar