fredag 23. august 2013

MÅ faktisk ikkje klatre i Nissedal

Så var me her igjen. Tenkte oss på oss på Telemarksfestival i Bø. Men når me først var i Telemark så kunne me jo likesågreit reise til Nissedal og. Så då blei det plutseleg berre Nissedal.


Ein bil og ein bil med tilhengar så var ferja full :-)

Den perfekte dagen å vera i veggen!

Men me kom ikkje særlig langt.
Ein i taulaget fekk feber og var veldig dårlig, så me måtte ta ein tidleg retur ut av veggen. Synd! Men så fekk gjort andre ting; sola oss, drikka kaffi, nakenbada, gå fjelltur, buldra og eta blåbær.
Standard klatrepositur!

Soling med Hægefjell i bakgrunnen.




Så gjekk me ein tradisjonell fjelltur, og det mest naturlege i verden: lettaste veg opp.


Toppen av Hægefjell.

Rare skyer.


Går mot kveld.
Buldre, buldre, buldre

Sjuklingen plukka blåbær.
Ingen nakenbilder dessverre!

1 kommentar: