Så var det flyttedag, været var godt og me kunne flytte campen innover i fjorden til Treskelen. Optimisme og god stemning i leiren.
 |
Lina og Hanna drar avgårde med første flyttelass. |

 |
Utsikta frå den nye campen - Hornsundtind! |
 |
Siste lass og framme. |
 |
Ein som siklar på toppen :-)
Bautaen som me hadde planar om å klatre, men pga været fekk me for få støtedagar.
Treskelen er omgitt av flotte fjell, og massevis av brefrontar som ein kan høyre kalve gjennom heile dagen.
Skyfenomen.
Seglbåten heim henta oss ved den polske stasjonen som ligg lenger ute i fjorden enn der me hadde camp. Me hadde veldig masse styr med båten vår frå dag 1 på turen, og det vart masse ekstraarbeid og slit med ting som ikkje fungerte. Det var alltid noko spennande som skjedde med den og det heilt til siste stund. Eg og Endre skulle ut med første flyttelass og tåka tok oss skikkeleg. Og samtidig hadde vinden gjort til at all isen frå kalvinga samla seg utover fjorden. Isen var så tett at ein kunne ikkje ha fart på båten, berre sånn fram-tilbake. Samtidig måtte ein stå framme og dytte bort is med åra.. og me måtte me køyre på gps-kurs. Ikkje noko særleg. No hadde me vore ute i godt over ein time i skiten. Må sei landkrabba (som eg e) var glad når me kom ut av isen og såg akkurat nok land til å holde kursen.
Så plutseleg synk Endre og lufta i puta på hans sida er swoosh ute! DÅ får ein hjarta i halsen. Min del, 1/3 av båten) er fortsatt full i luft og me berre håpar at me og båten med all bagasjen kjem i land.
Og det gjere med heldigvis! HERREGUD!!
Snille folka på polske stasjonen gir oss kaffi før dei hjelper oss med å finne hol i båten. Men det er ikkje hol (heldigvis igrunn). Ein ventil må antakeleg ha løsna.. Jaja, då er det med spente nerver berre å dra tilbake til Treskelen å hente resten av flyttelasset og jentene.
Lina og Hanna.
Arctica II kjem for å hente oss ved den polske stasjonen. Herlig stabil båt, og eg spydde ikkje på veg heim! |
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar