onsdag 14. november 2012

Årets siste skitur

I år vert min siste skitur allereie 28. oktober..
Ei slitt skulder skal bli bra igjen og då må både ski og klatring utebli ei tid framover.
Roger og Anne Marte vart med til Hytta på Mannen. Heldigvis har Roger skaffa seg 4WD så me kunne komme oss opp ein ubrøyta veg til Myri.

Det vart ein lang tur når det endå var så lite snø at me måtte følge heile den svingete vanndalsvegen istaden for å kutte svingane og gå rett opp i terrenget.

Folk til fjells, her traff me jammen meg min kollega Gunnar :-)

Steinete?

Steinete!

Men så ein kjempefin snødekt bakke!

Toppen!

Anne Marte og Vangsen.


Storen i skyene.

Hyttekos! :-)

Roger hadde med kaffi til alle.
Det var litt steinete på turen, men faktisk var det ikkje så ille på nedkøyringa som eg hadde frykta.. me klarte svinge unna det meste av steinen.
Eg var iallefall superglad for å få meg ein tur - tusen takk for turen Roger og Anne Marte!! Gler meg til vårskiturar, då er eg klar att :-)

Molden

Når oktober kjem og mørket gjer dagane kortare og kortare prøver ein å utnytte det ein kan av lyset. Og spesielt når sola stråle ser ein mange ganger ut vindauget på jobb og ivrar etter å få seg ein liten tur før ho går ned.
Molden frå huset til mamma.
Molden er blant topp 3 toppar for meg i Luster!:-) Det er ingen annan topp eg har vore meir på. Ein tradisjonell fjelltur og ein topp treningstur, og kameraet pleier ligge att heime. Men denne seine oktoberdagen var så utruleg fin så eg måtte ta med kameraet.
Julestemining i oktober.

Heggmyrane og litt av Indre Hafslo med skogane og fjella bak som me leika i under oppveksten.

Heggmyrane og Falkgjerdet. Barndomsheimen min nederst på bildet.


Svarthiller - ikkje værste plassen å kunne vore budeie på det her.




Fortsatt sol på toppen!!



Sola på veg ned bak fjella.


Om du er kjent ser du småbruket til Martin og Mathilde.

Og der går sola ned.


lørdag 27. oktober 2012

Avreise og smuglarsprit

Siste frukost på den gedigne verandaen vår. 

Fiat Punto skal fyllast med fire vaksne folk der alle har to baggar kvar. Alt går.

I garasjen i huset me budde brente dei istadenfor å gå i kyrkja på søndagen.

Klargjering av apparat, mens gamlefar held oppsyn.

Sidan me tok bilder og syntes å vera interessert reiste gamlefar seg og ba oss følge han.  
Og der fekk me komme inn i det helligaste.


Søndagsformiddag!

Heimebrygg.

Heimebrygga vin.


Så ei flaske til turen ;-) Denne blei tildelt meg og står no i stova mi sidan eg akkurat hadde hatt bursdag.

Heldigvis har me nordmenn god alkoholmoral og heldigvis smakte ikkje sjåføren på godsakene, for då hadde me nok vore nervøse no. Biltur frå øst til vest kor me skal fly ut.

Sightseeing på vestkysten - Capo Caccia.

Klatreklipper.
 
Det var klipper over alt. Her heng rappellfester til å fire seg ned til klatringa.

Fine blå fargar. 
Pose 1

Pose 2

Pose 3

Vannvittig opplegg med trapper ned til Grotta di Nettuno.


Kamuflasje-Svend Ole


Me kom til ei skikkeleg kul grotte.

Me fekk ikkje gå lenger i den, men stilig nok å være rett innanfor.


Så reiste alle saman og sidan eg ikkje fulgte heilt med i timen for når dei andre bestilte flybillett fekk eg ein dag med aleinetid i Alghero. BORING!



Turistsesongen over for i år..

Tomme turistgater.