lørdag 16. mai 2015

Meg, Ingunn og Bajas på tur

Endeleg kom Ingunn på besøk til meg på Svalbard.
Me tok oss nokre dagar på skitur, og fekk med oss kosebikkja Bajas.
Klar til utkøyring.                                                Foto: Ingunn Amundsen
Bajas

På veg opp Drønbreen

Lunsj med supert selskap


Foto: Ingunn

Topptur til Bergmannshatten

Ingunn

Foto: Ingunn


 Bergmannshatten                                   Foto: Ingunn
Så fint område!

Klokka er tolv på kvelden - Ingunn får ikkje bruk for hovudlykta si!


Bratt og steinete.                             Foto: Ingunn


Men me kom då ned.
Ein pulk nede, så er det opp att og hente den andre


Bajas slapper av når han kan.                                                        Foto: Ingunn

Kosebamse!                                                                             Foto: Ingunn
Ein liten kvil etter spennande unnabakke i flatt lys.


Middagspause før me tek oss ned morena til Foxdalen. Skulle berre turen vart lenger..
Morenemasser i Foxdalen og turen vår er på veg å ta slutt.
 Tusen takk for turen, Ingunn! ;) Det må bli ein lengre tur ein anna gong!

lørdag 9. mai 2015

Nordveggen på Newtontoppen

Me har sikla på ein vegg i Atomfjella, eg sidan i fjor og Endre endå før (når han har rekognosert på sine mange feltkampanjar i Atomfjella). Nordveggen på Newtontoppen! Det er fleire granittveggar i området, men dette har blitt favoritten og draumeveggen min på her på Svalbard.

Det er stort sett laus stein i fjella på Svalbard og lite klatrebart på sommartid. Første gong eg var på fast stein her oppe var ved Nordenskioldbreen, her er ting buldrebart.
Så kom eg meg til Atomfjella ifjor og fekk sett litt kva som var der.

Problemet er at alt er så milevis av stad.
Atomfjella er 4-5 timar med scooter nordover og sesongen er kort. På vinteren er det for kaldt å klatre der, kan lett vera ned mot både 30 og 40 blå og i tillegg kan det vera masse vêr. På våren, siste vekene i april og kanskje første veka i mai (me klatre der første veka i mai i år) kan det kanskje gå an å klatre der, men det hender at det kan bli 30 blå på natta i april også..

Om sommaren kan det absolutt klatrast (kanskje til og med i svasko..!), men det er ein ekspedisjon å koma seg dit. Lang båttur og langt å gå med tung oppakning.
Nokon som har råd til helikopter? Sei ifrå! ;o)

Rutestudering. PS: I love pink           Foto: Ingrid Kårstad

Eg klatrar og Ingrid sikrar.                                   Foto: Endre Før Gjermundsen
Det er mange linjer på veggen. Me såg oss ut ei rute som me klatra litt på, dog blei det kun ei kort taulengd opp til ein naturleg rappell. Årets veke i Atomfjella skulle vera dedikert til klatring, men været skal vera nokonlunde for å hive seg på veggen, samtidig forsvant tida opp i andre klatreprosjekt og til det grådig bra skiføret.

Veggen er nordvendt så det er ettermiddag og kveld/natt i sola som er best å vera i veggen. Planen var å vera klar ved veggen i 15-tida på støtedagen.
Så var siste dagen vår der og det såg ut til å bli upåklageleg vær. Men klokka 15 var me på ski, og den blei ti på kvelden før me kom tilbake frå skitur. Det var fint det altså (konge faktisk!!). Men eg ville klatre også (minst eit år til neste sjans) Så med ei litt småsur meg og diskujon fram og tilbake kom me (eg, Ingrid og Endre) fram til å klatre litt for å kjenne på steinen, sette nokre sikringar (og blidgjere meg..;)). Klokka tolv på kvelden var me klare, og steike deg; det var ingen som angra på valet etterpå!

Foto: Ingrid Kårstad



Bildene mine er frå GoPro-kamera.
Klatring i midnattsol og snøscooter til klatreveggen, uvandt kost

Veggen er vertikal og solid, og ruta vår var velsikra! Det var faktisk fin temperatur på steinen, men det hjalp lite når ein uansett måtte grava vekk snø frå rissa - snøen kjentest skikkeleg iskald. Innimellom litt tynt med noko å halde seg i, men det var kanskje berre ein bivirkning av ingen føling i fingrane frå den kalde snøen..

Ingrid klatrer granitt på Svalbard!                            Foto: Endre Før Gjermundsen
Fornøgde jenter på stand!

Endre på veg.
Litt kald, men det gjere ingenting!    Foto: Ingrid Kårstad


                                                     Fine flytt                                                        Foto: Ingrid Kårstad




Ein liten videosnutt:

Meg, Ingrid og Endre på ei smal skråhylle på stand. Ein glad gjeng!
Denne type klatring på Svalbard er skikkeleg unikt, og eg er super-gira på å komme meg tilbake for å fullføre ruta! Det må me få til!

fredag 8. mai 2015

Atomfjella del 3

Når me fann heilt sjuk tørr snø, så var det berre å fortsetja skikøyringa.
Over tåka på eit fjell ved Neptunfjellet, opp frå Månebreen
Ingrid og Endre

Stegjern bytta ut med brøyting!!
Månebreen under oss.

Går ein opp må ein også ned.
Toppen var ein liten skavel, men med ein opning der me kom oss og opp, og ned. Dei øverste meterane var 59 grader bratt og det tok si tid for meg å lage meg veg ned. Og det går faktisk ikkje fortare sjølv om det står ei utolmodig sjel på toppen og ventar på ein sving. Om eg datt eg her hadde eg fått meg ein lang rutsjetur.



Ingrid
Ingrid i godt driv :)

Endre

Endre

Endre
  Filmsnutt frå Endre ned ei side mot Månebreen.


Solfjellet
 http://draumetur.blogspot.no/2015/05/atomfjella-del-1.html

http://draumetur.blogspot.no/2015/05/atomfjella-del-2.html

Atomfjella del 2

Eg og Endre hadde planar om nokre toppbestigningar i Atom. Me gjorde ein del rekognosering med scooter for å leita etter bra linjer for bestigningar. Men snøen skulle ikkje vera på lag med oss her. Det blei masse snuturar pga stor skredfare.. Og det både frå nordsider og sørsider på forskjellige fjell. Men no har me fått rekognosert bra og klar for bestigningar neste år (det må jo vera bedre snø då)!



Kanskje kaminklatring er tingen i Atom? :)

Ein av mange snuturar..;(
Så får me beskjed om at Ingrid hadde fått fri frå jobb og kom oppover! Mens me venta på Ingrid blei det litt forefallanda arbeid i camp - fiksing av golv og graving av ny do.
..bygging av ny dass

men måtte også på topptur. :)


Så var Ingrid her og ho var klar for alt! :)
Full av energi

Endre på veg opp  til Chadwickryggen

Kvil og atter ein snutur.. Litt ruskete vær, men me har det jammen ikkje så værst!
 
Besøk av Longyearfolk som låg i camp lenger nede på Gallerbreen :)
 
Etter lunsj og kaffi var det vidare.
Endre i bratta før toppen
Litt dårleg vær, men steike for ein snø!!!!! :)
Litt vær er ingen stoppar for å stå på ski i bra snø!!




Endre før toppen

filmsnutt frå turen:
 


http://draumetur.blogspot.no/2015/05/atomfjella-del-1.html

http://draumetur.blogspot.no/2015/05/atomfjella-del-3.html