I år fekk eg overtalt arrangørsjefen til å ta den årlege toppturcampen i juni til Nordvest-Spitsbergen. Stor gjeng - 11 personar på tur i 10 dagar.
Nokre var ukjente for kvarandre, men dei fleste var kjente frå før.
Det blei ein dryg båttur nordover i grov sjø og motvind, det var også snakk om å endre destinasjon på vegen. Men, me kom oss til Smeerenburgfjorden og Bjørnfjorden - litt bleikare i trynet enn før me reiste, men det gikk fort over.
Pga dei varierande vêrforholda skulle det vise seg å bli meir fatcamp enn toppturcamp, men fy flate kor moro - bra gjeng! Nokre dagar var det skikkeleg vinter i lufta, og av og til så dårleg at me hang i camp og berre åt snop +++. Nokre lange skiturar blei det uansett. :) Alt i alt blei det ein utrule moro tur. Talenter blei vist fram både innanfor dans og musikk, og det viste seg at fleire er veldig glad i å bruke ild og brenne ting.
 |
| Glad Bris for å endeleg vera framme :) |
 |
| Håndtlanging |
 |
| Nok av mat og utstyr iallefall |
 |
| Nokre på andreturen med utstyr frå fjæra til campen |
 |
| Oppsetting av dome. Bjarte følger med på at det går rett for seg. |
|
 |
| Vaktbikkja Bris kan ta det med ro og kvile seg i sola, isbjørnen holdt seg i fjæra og droppa heldigvis å koma opp i campen vår! |
 |
| Camp-spot med utsikt er viktig. Utsikt til Smeerenburgbreen. |
Etter ein laang båttur med våkenatt og mange timar med utstyrstransport til camp og oppsett av camp la me oss sånn i tre-tida på ettermiddagen og sov rundt til neste morgon (17 TIMAR!!) alle mann. Vêret var bra, så det var å gni søvnen ut av augene og dra på ski- og rekognoseringstur
 |
| På veg oppover Viksbreen |
 |
| Fargeklattar |
 |
| Withfjellet |
 |
| Masse masse latter og fjas i camp :-) |
 |
| Bjarte og Bris |
 |
| Så kom tåka og dårleg turvêr |
 |
| Verdens finaste og snillaste - Bris |
 |
| Kvalitetsmiddag kvar dag frå storkjøkenet |
 |
| Vidar flørte med kameraet |
 |
| Kreative sjeler lager aktivitetar. Spenninga står i taket for å sjå om brennaren klare å sprekke steinen.. |
 |
| den delte seg i tre.. |
 |
| Talent blir vist fram |
 |
| AU |
 |
| Så er me klar for tur att! |
 |
| Tåka begynne å legge seg att på slutten av turen |
 |
| Og morgonen etter blei det dramatikk når domen, 3,5 meter høg, kollapsa av den tunge snøen som kom |
 |
| Ballerina-Bjarte |
Det ordna seg med domen heldigvis!
 |
| Skikkeleg vintervêr i juni |
 |
| Høgtlesing om den tragiske historia om Torgeir Møkleby og Harald Simonsen frå 1922 som utspant seg i nærområdet for campen vår. |
 |
| Musikkinnslag |
 |
| Straks middag |
 |
| Masse godt :) |
 |
| Fornøgd hund når han fekk vera med på det som skjedde i storteltet |
 |
| Lene :) |
 |
| Folk i fjæra! Ein båt i tåka! Og jammen var det ikkje Ny-Ålesund folk som hadde høyrt at Anette var i området |
 |
| Kort luftetur |
 |
| Lene, Linda og Kristina :) |
 |
| Fjonge damer |
 |
| Godt å få ligga inne litt |
 |
| Linda og Bris |
 |
| Så blei det bra nok for nye utflukter |
 |
| Målet var Trollhättan, men det gikk ikkje denne gongen |
 |
| Sol og tilsynelatande bra snø! |
 |
| Kven kan vise flest tenner..? |
 |
| Digg lunsjplass då! |
 |
| Stadig nokon som skal drive med ild og brenne noko |
 |
| Etter ei kongeveke er det nedrigging av camp |
 |
| Og tidenes pulk-bonanza ned bratta |
 |
| Solbrillejenter, Kristina og meg |
 |
| Godt HMS ikkje blir undervurdert sjølv på korte båtturar. Nokre treng større redningsvestar enn andre, og andre att ser det nødvendig å bruke hjelm - tommelopp! |
super tur, folkens! takk for den! :)
Topper og skikjøring var vel ikke høydepunktene etter denne turen. Men en såpass stor og trivlig gjeng, alle 12 innkludert! (også Bris), er det skjeldent jeg er på tur med:-)
SvarSlett