lørdag 30. april 2016

Eventyr på Nordveggen på Newtontoppen

Der eg likar meg aller best er i fjellet. Alle har vel sin greie der ein koplar ut. Klatring er for meg den plassen eg kople heilt ut - klatringa på Newtontoppen var ikkje noko unntak, 110% tilstades - litt utanfor komfortsona innimellom og ein stor spenning på kva ein kom til. Det var heilt KONGE!

Klatring baud faktisk på ein del jamming! Ellers var det mengder med snø som måtte kastast ned for å få satt sikringar, spesielt på 1. lengda, i tillegg til ein del rensking av stein oppover. Me hadde på forhånd funne ut at me ikkje kom til å gå den i god stil (sjølv om eg jo aller helst vil gå i fri), men der ein gjerne skulle ønskja seg å setja sikring var det tynt og det måtte klatrast uansett (livredd, men gira.. ;o)). Lengta etter sva-skoa mine av og til.;)

Me toppa ikkje ut, kjipt men sant. Tidsforbruket var høgt og så me fann ut at me snudde halvvegs. Men det var like masse eit eventyr! Så er me ikkje ferdig med ruta vår endå, og eit siste forsøk må til seinare :)

(Bildene er kun teke med GoPro)
Ein del av nordveggen, det er også ei fjellside til høgre for renna

Endre lager plattform til å stå på for sikrar

Vertikal start - blir godt å koma i gang og inn i det ukjente!! :)

Godt å kome til 1. standplass og slappe av ;-)


10 meter travers til 2. stand

Fin standplass


Endre sjekker ut, men kjem ned att og me velger å gå til venstre i staden.

Endre på eit overhengande jammeriss
 
Endre på ei ganske hard taulengd

Eg er ikkje så glad i traversar, og av tilfeldige grunnar hamne eg ofte på jækla psykande traversar når eg og Endre kjem over det på klatreruter. Men denne gongen tok Endre ein travers oppi ruta her med lite å sikre i og i stive sko, steike deg! Glad det ikkje var meg. (Sjølv om det er eit hat å følgje).

Ingrid

Ingrid følgjer

Har det veldig bra. Scooterane i bakgrunnen, absurd å køyre scooter til cragget igrunn.



Foto gjennom kikkert                              Foto: Bjarte Hordvik Rydland

Foto: Bjarte Hordvik Rydland

Endre sirkla inn i raudt oppe i veggen. Er ikkje veggen fin?


Nedpakking og tilbake i camp til middag og to fulle menn ;)
Ein liten filmsnutt frå turen, me klipp så lenge batteriet rakk. Det blei dårleg kvalitet på filmen utan at eg veit kvifor.


Allereie i 2011 og når eg først traff Endre snakka han om at me burde klatre på nokon av veggane på Svalbard. På sine mange feltkampanjar har han studert mange veggar, både i Atomfjella og på Nord-Vest Spitsbergen. Nordveggen på Newtontoppen har blitt draumeveggen for meg (av veggane eg har sett), og me har sett og rekognosert etter ruter på den dei siste to åra. Me har funne ruta som passe for oss, men her er det masse å ta av. Synd alt ligg så grisgrendt til, men samtidig så ekslusivt :o)

tirsdag 26. april 2016

Westbyfjellet Svalbard

I fjor prøvde me oss både frå sørsida og nordsida på Westbyfjellet i Atomfjella, men snudde begge gongene pga skredfarleg snø. Me fann uansett ut at me ville gå for nordsida i år for der ville me ha størst sjans for å toppe ut.

Det er ikkje det høgaste i området, men det er eit fantastisk flott fjell.
Me var spent på korleis ein del passasjar oppover ville vera - brattheit og eksponering opp mot korleis snøen var. På turen opp tenkte eg også ein del på returen og om snøen ville halde seg bra, eller om sola ville endre på den. Våt solpåvirka snø ville ikkje nødvendigvis bli så kult ned dei bratte rennene. Returen gikk derimot kjempefint, den tok lang tid, men gikk fint.

Omgitt av fjell

Mengder med snø i den første renna

Endre i fint driv





Det er berre å tråkke seg oppover

Spennande travers

Vidare i renne nr to. Laang og bratt i fin tråkkesnø.
 
  • Endre som ein prikk langt der nede
Etter dei to første rennene var me over halvvegs, og det fortsatte i eit slags rennesystem. Siste 150-200 meterane slaka terrenget veldig ut - skikkeleg deilig! Fantastisk god og romsleg plass på toppen!
Straks på toppen-toppen. Utsikt mot Austfjorden og fronten av Smutsbreen
På toppen halv til på kvelden.



Også her må det takast med stein tilbake i sekken.
Ein liten glad-videosnutt frå turen. Eg snakka ein del i kameraet, men eg var så redd for å miste GoPro'en så eg har holdt over mikrofonen og dermed blir det meir musikk enn prating:
 
 
 
 Dette gjorde godt for kropp og sjel, to glade kroppar kom seg til ein kul topp! :)
Heldig som er på tur i så bra område og med ein fin mann!
Og i camp sto middagen klar når me kom tilbake på natta :-)

mandag 25. april 2016

Chadwickryggen

Då prøver me på Chadwickryggen på ny, me har prøvd tidlegare år så no blir det tredje forsøk. Det er ikkje så vanskeleg fjell å toppe, men snøforholda har masse å sei i desse renneformasjonane. Litt route-finding er det når ein er oppi der, men me fann ein bra veg - og kom til toppen!

Chadwickryggen


Endre


Fleire snøtestar på vegen - som gav 'GO'
 
Westbyfjellet i bakgrunnen





Utsikt mot nordsida av Westbyfjellet. Ruta til meg og Endre går opp den breiaste renneformasjonen og vidare opp nytt rennesystem mot høgre og deretter til høgaste punkt.

Toppen innan rekkevidde :)

Der kjem gutane



Masse snø

Endre på sjarmøretappen til toppen
 


Hurra!!


Perriertoppen mellom pinaklane

Perriertoppen

Bjarte og Perrier

Hammar og meisel er med og me må venta tålmodig for at Endre skal få steinprøven sin