søndag 19. oktober 2014

Me reise til Yosemite!!!


Etter EIN DEL diskusjon fram og tilbake om kvar klatreturen i haust skulle gå..

- pga av Endre med ein skadefull vår og sommar (brekt håndledd og operert i hæl) med påfølgjande minimalt med trening og ingen klatring på mange månader, og min eigen reduserte klatreform etter å ha valgt Svalbardlivet.

- sport eller trad? Klatring og paragliding eller kiting? Kanskje heller padle rundt Mallorca? Følgje opprinnleg plan om å reise til Nepal (som uansett aldri hadde gått med hælen til Endre) - til Baruntze eller Cho Oyu? Tenerife? Kalymnos? Indian Creek? Wadi Rum?

..så enda me opp med YOSEMITE! Oh la la! Klatremekka! Granittveggar over alt! Ahh - endeleg skal eg hit!


 
Ut av San Fransisco.

Her var det første glimtet me fekk av El Cap og Half Dome - ein blir skikkeleg barnsleg overbegeistra når ein kjem hit og ser det for første gong. Det finst verkeleg! :-) Må berre ta bilde på bilde sjølv om ein resten av turen ser veggane kvar dag.

Endå nærmare El Cap med sine meir enn 100 forskjellige klatreruter.

Treng ikkje vera klatrar for å vera fasinert

Finaste veggen

Geologi for den som er interessert

Camp 4 - alltid full... ;-(

Bjørn her også
 
 
Første kvelden vår i dalen var det foredrag med Hans Florine, eller som lokale kallar han: Hollywood-Hans ;-) Han og Alex Honnold har fortsatt rekorden opp El Cap på 2t23min46sek (andre brukar 3-5 dagar!). Btw, Alex Honnold var i publikummet :)

Idyll

Dette var noko drit. Køen til Camp 4 om morningen. Alt for mange i køen i forhold til ledige campplassar.

Klatrefeber når ein ser så masse fin stein - må buldre bittelitt

Her ligg Endre på eit av dei gigantiske trærna som er i dalen

Kjente Lost Arrow Spire..

..med slakkline


Og det er høgt!
Det som er nedtur med Yosemite er det stresset det er med å finne campingspot - når ein kjem dit vil ein jo berre klatre. Ein er gira på å utnytte tida for å klatre seg igang og komme i Yosemite-form. Alle dagar tel om ein har eit eller fleire mål som skal klatrast.

I parken ligg Camp 4 + 4 andre campingplassar. Camp 4 er drop-in camping og dei andre må ein reservera plass i mange månader i førevegen. Ved Camp 4 var det folk i kø frå iallefall klokka seks om morningen, sjølv om resepsjonen ikkje opna før klokka halv ni. Ved dei andre campane, som også var fulle, kunne ein setja seg opp på ei liste gjennom dagen og klokka tre blei det annonsert kor mange plassar som var til rådigheit og kven som hadde fått campplass etter lista. Ein måtte jo då vera tilstades for å få plassen.

Etter å ha vore i parken eit par dagar fekk me fleire netter på rad i ein camp. Sjølv om dette ikkje var i Camp 4 var me storfornøgd. God plass til bil og telt, eigen bjørnboks og bordbenk. Men viktigaste av alt var å sleppe å stresse tilbake frå klatretur for å stå i ein eller anna kø for å få buplass. Eg blei så drit-lei av det. Eg vil klatre og ikkje stå i kø!

Frøken Utolmodig fekk starte klatringa. Første taulengda vår, på Munginella.

Konge standplass..

..med denne utsikta!

me ser og ser og ser

Neste dag var ein 15 taulengders på Royal Arches. Alle skygge måtte utnyttast i ein voldsom hete.


Fin linje!
 
Ny konge-standplass!



Sjekk det svaet!


Sjekk DET taket!

Siste bildet på turen. Mørket kjem fort. Her måtte me peise på siste taulengdene og me rakk vel akkurat ikkje toppen før mørket kom over oss. Så 12 rappellar i mørket. Med bra bolta rappellar og stjerneklar kveld var det uansett ikkje den værste plassen å vera. :-)

Ekorn med blomkål

Ganske utruleg

 

Møtte på desse her karane som var i 70- og 80-åra. Dei har klatra og gjort masse i si tid. No klatra dei kun teknisk og sjekk ut utstyret. Det er ikkje snakk om å gå 'light'. Kjetting istadenfor daisy chain og massevis av tunge karbiner og sikringsmidlar. Me fekk snakka ein heil der med desse karane, fantastisk å møte på dei.

Ein type nøtt, (kva er namnet på den?) kjempetung!

Ein skal ikkje skue hunden på håra

Ei kjempefin linje. Me gikk den i fri. Church Bowl Tree, tynt fingerjam.

Så dukka denne opp der me sto..styggen!

Frekke fyren her kom fram i natta. Vaskebjørn.


Tidleg tidleg morgon. På veg til for å klatre Snake Dike på Half Dome. Ikkje værst utedo langt til skogs.

Me går og går og det lysnar mot dag.

Sola på veg opp
 
Sørvestsida av Half Dome



Snake Dike er ein klassikar, her kan du gå lett og droppe det meste av sikringsmidlane. Det var bolta standplassar og ein bolt i ny og ne. Eine taulengda mi var det ein bolt rett under standplass ellers ingenting å sikre i. På det meste var det run-out på 30 meter, og ellers minimum 20 meter.. :)


Herlig. Uansett, ein psykande svatravers i starten hadde satt standarden så det var berre å peise på resten av ruta. Åtte taulengder som ende opp i eit evigvarande sva til topps (ikkje dett her!)


Har det ganske greit;)

Verkeleg verdt å komme opp til toppen av Half Dome, så fin plass!


 

Yosemite-dalen

På toppen av Half Dome (2693moh).

Returen er der turistane pleier å gå opp. Det er bratt! Vaierane er lagt ned for sesongen og folk skal ikkje gå opp her lenger.


Ikkje dett her heller. Her sklir ein ut i lange sva til både venstre og høgre - det går ikkje bra.


Ellers ein kjempefin retur.



 

Fleire postar:
http://draumetur.blogspot.no/2014/10/nokre-dagar-i-bishop.html
http://draumetur.blogspot.no/2014/10/meir-yosemite.html
 

1 kommentar:

  1. Så fine bilete, Ellinor! Artig å sjå, og å lesa om turen dykkar :)

    SvarSlett