mandag 28. desember 2015

Magiske mørketid

Denne jula har vore voldsomt skiftande vêrmessig i Svea, men dei fine dagane innimellom er heilt fantastiske! Me er inne i det mørkaste på mørketida no, men sola har snudd og snart vil lyset begynne å trekke mørket vekk. Tida flyr!!
Eg skal nyte den fine tida framover, eg er heldig som er akkurat der eg er!
 
AF-riggen. Mitt kontor med julestjerna.
Brakkejulepynt :)


Gruvestackeren, produksjonen av kol går sin gang også på julafta.
Oppredningsverket med gruvestackeren bak til venstre.

27. desember fekk me oppleva eit naturfenomen - i tillegg var det nordlys og nesten full måne :)
Ahhh så deilig og fint!
Å sjå noko slikt midt i mørketida gjorde noko med oss alle denne dagen.

 
Den ellers så mørke dagen blei ikkje så mørk då lyset frå sola blei reflektert i stratofæriske skyer.
Det er veldig sjelden at skyene ligg plassert på ein slik måte som dei må for at dette fenomenet oppstår.




Lasteanlegget på Kapp Amsterdam.



Anlegget kviler fram mot ny skipningssesong neste haust.


 
Værskifte frå ein dag til den andre.
Lettare å ta bilder på finværsdagar. Etter 27. desember har det vore plussgrader, regn, masse vind og mange kansellerte fly. Det går mot ei blaut nyttårsafta her i Svea. GODT NYTT ÅR! :)

fredag 4. desember 2015

Indian Creek

 Så bar det til USA i år også, denne gong til Indian Creek i Utah.
Det blei ein kongetur! Sandsteinsklatring med kun kvalitetsriss. Når me kom dit skulle me så gjerne ønskja oss meir pump og vore meir uthaldeleg, og evna å klatra litt meir elegant. Men så fekk det heller bli at det blei ganske så desperate tendensar på lange ruter innimellom.
Steinen var så fin å klatre på, mjuk og skånsam mot huda.
Eg anbefaler å reise dit (og helst med store underarmar).
 
Ellers var livet kun hugnad og velvære, ingen alpine startar. Me sto opp sånn etter ei lang natt soving og var på cragget til fem-seks når det blei mørkt.
 
Skålar i kvitvin på flyet

Og der var me i Salt Lake City :-) Det er ein ganske vanleg by, men med masse fjell tett på byen så blir den veldig kul!!
Det kjente skianlegget Park City ligg i desse fjella. Det var her Stein Eriksen holdt seg, og det var også her han døydde rett før nyttår i 2015.
 
Salt Lake City er også heimstaden til Black Diamond. Det er også kult! :-) BD hadde ein nesten ein eigen liten landsby.
 
Og me var på BD-outlet, Endre fekk kjøpt seg ny hjelm til røvarpris :)


Så er Salt Lake hovudsetet til mormonane. Her Salt Lake Temple
  
Utah State Capitol, statsforsamling

Eit lite arbeidsbilde, sidan det er CAT. Dei har ikkje så værst utsikt dei som arbeider her. 

UTAH - greatest snow on earth
MEN, no var det på tide å koma seg sørover :o)
 
Då er me framme ved denne ørkenplassen

Utsikt frå teltplassen, Super Bowl Camping

Hamburger Rock Camping

Men slik blei det første dagen vår..

Og slik andre dagen vår - første ruta :-)


Endre

Masse hundar (med klær) rundt på cragga.




Binou's Crack

 



Endre på Elephant Man

Ein skal ta omsyn til helleristningar som er i området


Her er eit kjempefint riss, men her skal ein såklart ikkje klatre.

Middagslaging


Henge bittelitt..

 

Sjekk den

Endre og bikkja sjekker ut ruta


Petrelli Motors

Kammar i fleng

Camp

Frukost

Ein ekte cowboy!!
 
Ørken og snødekte fjell i harmoni

Wilson Arch



Sandstein - så mjuk og lett å skrape i. Om nokon reiser hit må de sjå etter namnet mitt!

Området har masser av slike arch'er. Vatn og vind og ørkenklima lager slike formasjonar.

Populær rute og masse folk. Her med Charlotte og Joakim frå Norge :)


Generic Crack - lang og fin og perfekt hånd for meg.        Foto: Joakim F. Aae


Pøbelhund :)                                 Foto: Joakim F. Aae

Ruta var piska lang for ein Svalbardianar, steike pumpa! Klamra meg fast til toppen, om enn ikkje så elegant.
Foto: Joakim F. Aae

Denne dagen var heit. Charlotte og Joakim.

Håvard og Ellinor frå Tromsø


Endre på                                  Foto: Joakim F. Aae

Foto: Joakim F. Aae

Foto: Joakim F. Aae

Deilig temperatur og koseleg på cragget
Joakim med ein god håndjam
Lange Generic Crack - Charlotte går det lett ;)

På veg ned for kvelden

Håvard og Joakim

Fingerbrett, det skal trenast

Legg til bildetekst


Småbuldrete start på Supercrack, passa meg fint

Igang på sprekken, så var det berre å klamre seg fast oppover. :)

Endre på Supercrack

Supercrack! Stilig!

Sightseeing og tur til Arches Nationalpark

Balanced Rock


Ei lita taulengde på ein pilar, denne stakk me innom å klatra på heimvegen.

Double Arches


Devils Garden i mørket

Ein kan vera glad ein brukar hanskar

Endre på The Incredible Hand Crack, i snøvêr

Denne parkeringsplassen var alltid veldig full. Siste dagen vår var det ikkje slik. Siste søndag i Thanksgiving reiste mange heim
Og når me reiste 30. november såg det slik ut:



Men det var sol på pilaren vår som me tok på heimvegen




Takk for oss Utah!
Fin klatring og masse sol - det gjorde godt før ein reiser oppatt til full mørketid på Svalbard!