lørdag 30. april 2016

Eventyr på Nordveggen på Newtontoppen

Der eg likar meg aller best er i fjellet. Alle har vel sin greie der ein koplar ut. Klatring er for meg den plassen eg kople heilt ut - klatringa på Newtontoppen var ikkje noko unntak, 110% tilstades - litt utanfor komfortsona innimellom og ein stor spenning på kva ein kom til. Det var heilt KONGE!

Klatring baud faktisk på ein del jamming! Ellers var det mengder med snø som måtte kastast ned for å få satt sikringar, spesielt på 1. lengda, i tillegg til ein del rensking av stein oppover. Me hadde på forhånd funne ut at me ikkje kom til å gå den i god stil (sjølv om eg jo aller helst vil gå i fri), men der ein gjerne skulle ønskja seg å setja sikring var det tynt og det måtte klatrast uansett (livredd, men gira.. ;o)). Lengta etter sva-skoa mine av og til.;)

Me toppa ikkje ut, kjipt men sant. Tidsforbruket var høgt og så me fann ut at me snudde halvvegs. Men det var like masse eit eventyr! Så er me ikkje ferdig med ruta vår endå, og eit siste forsøk må til seinare :)

(Bildene er kun teke med GoPro)
Ein del av nordveggen, det er også ei fjellside til høgre for renna

Endre lager plattform til å stå på for sikrar

Vertikal start - blir godt å koma i gang og inn i det ukjente!! :)

Godt å kome til 1. standplass og slappe av ;-)


10 meter travers til 2. stand

Fin standplass


Endre sjekker ut, men kjem ned att og me velger å gå til venstre i staden.

Endre på eit overhengande jammeriss
 
Endre på ei ganske hard taulengd

Eg er ikkje så glad i traversar, og av tilfeldige grunnar hamne eg ofte på jækla psykande traversar når eg og Endre kjem over det på klatreruter. Men denne gongen tok Endre ein travers oppi ruta her med lite å sikre i og i stive sko, steike deg! Glad det ikkje var meg. (Sjølv om det er eit hat å følgje).

Ingrid

Ingrid følgjer

Har det veldig bra. Scooterane i bakgrunnen, absurd å køyre scooter til cragget igrunn.



Foto gjennom kikkert                              Foto: Bjarte Hordvik Rydland

Foto: Bjarte Hordvik Rydland

Endre sirkla inn i raudt oppe i veggen. Er ikkje veggen fin?


Nedpakking og tilbake i camp til middag og to fulle menn ;)
Ein liten filmsnutt frå turen, me klipp så lenge batteriet rakk. Det blei dårleg kvalitet på filmen utan at eg veit kvifor.


Allereie i 2011 og når eg først traff Endre snakka han om at me burde klatre på nokon av veggane på Svalbard. På sine mange feltkampanjar har han studert mange veggar, både i Atomfjella og på Nord-Vest Spitsbergen. Nordveggen på Newtontoppen har blitt draumeveggen for meg (av veggane eg har sett), og me har sett og rekognosert etter ruter på den dei siste to åra. Me har funne ruta som passe for oss, men her er det masse å ta av. Synd alt ligg så grisgrendt til, men samtidig så ekslusivt :o)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar