mandag 15. april 2013

Krundalen Rundt

Sist gang eg og Ingrid gikk Krundalen rundt var for to år sidan. Då var det whiteout og ingen utsikt.
Så, på lørdag meldte det STOR sol heile dagen. I tillegg skulle regnet kome på søndag etter mange veker med knallvær. Samtidig er dette akkurat i siste liten før snøen blir veldig råten.
Eg var blitt frisk nok, så no kunne me ta turen igjen MED utsikt. Det vart ein laaang dag.. Været var upåklageleg, men skiføret var varierande og tidkrevande.
Men uansett, for ein dag og for eit område og for eit turfølge! :-)

Ferdig pakka og klar.
Jostedalen utan ei sky!
Fint mot Haugastøl. Med ski på beina heile vegen, heldigvis! Sjå bilde under korleis me gikk forrige gang.
For 2 år sidan - råten snø!


Klabb&babb



Bergsetbreen.
Myrhyrna og Hurrungane.
Ingrid kan ikkje anna enn å smile i slike omgjevnader.
Steinmannen!
Steinmannen.

Steinmannen.
Klar for turen vidare til Høgste Breakulen.
Lodalskåpa og Brenibba i det fjerne.
På veg vidare.
Høgste Breakulen. Og tåke - å nei!


Men det letta like fort som det kom! :-)
                                                                                                        Foto: Ingrid Bjørnerheim Hynne

Hurrungane i kveldssol.
Sola går ned!
Og me er fortsatt på breen, og rekk ikkje ned før mørket kjem.
Det blei seine natta før me kom heim i senga denne dagen, sjølv om me skulle sett at me var nede før mørket kom - for det vart bekmørkt. Når me kom til Røykjedalsstølen la me oss ned og slo av hovudlyktene. Der låg me og såg på den klare stjernehimmelen. Bevega ikkje ein muskel i dei slitne kroppane, og aller helst ville me berre ligge der og nyte den deilige følelsen..;-) Takk for turen, Ingrid! Epic!

søndag 7. april 2013

Isgrotte i draumedalen

Søndagstur til Jostedalen og isgrottene!
John Ingar på veg mot Nigardsbreen.


Bredalen.

Folk på leit etter grotter.

Mann ut av grotte.













Eg og flott is.

Sjefen sjølv, Steinar :-)


Fin og kvit bre.

Det nærmar seg ferdigstilling av gjennoppbygginga!! HURRA! Brepub? ;-)

onsdag 3. april 2013

Isfjord Radio - ei arktisk oppleving

Isfjord Radio, tidlegare radiostasjon og bindeledd til fastlandet, ligg på Kapp Linné ytst i Isfjorden. Idag er stasjonen gjort om til eit kjempekoseleg hotell. Stilfullt innreda, nydeleg mat og hyggeleg personale. Hotellet har 48 sengeplassar. I påska var det heilt fullt, unntaket var frå søndag til måndag siste helga i påsken. Då reiste me dit! Angra ikkje på det nei! :-)

Det er turistsesong både vinter og sommar, utanom eit par månader i mørketida. Om vinter kjem ein seg dit ved hjelp av scooter eller hundeslede. Om sommaren reiser ein dit med båt.

Forutanom hotelldrifta nyttar Telenor stasjonen, f.eks som hjelp til Avinor.

Fantastisk turvær ettermiddagen 1. påskedag. Endre, Einar og meg på tur.



Kapp Linné og Isfjord Radio framme på pynten der.

Isfjord Radio.

Isfjord Radio.


Fantastisk god treretters av kokken Hasse. Denne kvelden var me kun fire stykk som overnatta på hotellet.

Fint vær dagen etter også! Her på tur tilbake til Longyearbyen.

Fridtjovbreen.




Fangsstasjonen på Kapp Schollin.
Reiseartikkel om kokk Hasse på Isfjord Radio og fangstmannen Tommy: 


Hytta i bakgrunnen og Tommy fangstmann på scooteren.

Selkjøt heng bjørnesikkert til tørk.


Kan ikkje klage på desse flotte omgjevnadane.

Svalbard har mange hytter omkring. Her køyrer me forbi Camp Morton.
Takk for turen - det var ei kanon avslutning på påska! :-)