søndag 9. juli 2017

Klatretur og eventyr til Nordvest-Spitsbergen, Svalbard


Eg har tenkt å ville sjekke ut potensiale for klatring på Aurivilliusfjellet i seks år, heilt sidan eg såg eit bilde frå Endre etter ein av feltkampanjane hans i nordvest. Fjellet er av granitt, som Hornemanntoppen. Men i motsetning til Hornemanntoppen såg det ut som at det kunne vera klatrelinjer på Aurivilliusfjellet. :o)


Gjennomføringa har alltid blitt forskyvd til fordel for andre turar på Svalbard. Men no kunne det ikkje utsetjast lenger. Eg ville ha med meg to jenter så eg kontakta Kjersti som eg hadde høyrt om gjennom ei venninne. Ho var ikkje snau og sa ja med ein gong :-) Så leita me etter den tredje, men det er ikkje alle som har mulegheit til å dra tre veker til Svalbard midt på sommaren. Det var litt fram og tilbake, me fekk etterkvart med oss energiske Karin. Ei energibombe og skikkeleg bra dame! Ho vart med dei to siste vekene, så eg og Kjersti reiste ei veke i forvegen og henta Karin ved båten når ho kom.
Så det vart kirurgen, byggingeniøren og økonomen som skulle på eventyr. :o) I tillegg hadde me ein kar med oss, Bris! Vaktbikkje for isbjørn og menneskevenn som alltid var glad for å få kos.


Eg er super-takknemleg for at Kjersti og Karin blei med! Sterke jenter som er god på klatre-håndverket, ser løysingar og har godt humør. Sammen blei me eit supert team! Me har til felles at me elskar å vera på tur. Det å komme ut i villmarka på Svalbard er godt for sjela; utan straum, mobiltelefon og langt frå folk. Det gir energi-boost!


God planlegging er essensielt for at ein slik tur kan bli ein suksess.
Kjersti kirurg ordna med medisinsk utstyr. Ellers ordna Karin og Kjersti med det meste av mat. Det blei tørka kjøt, grønsaker og frukt. Mange luksusmåltid!
Eg ordna med sikkerheitstutsyr og logistikk. Me liker planlegginga, det er faktisk ein del av turen.
Heldige var me som fekk med oss gode klede frå Devold og Tierra. Teltet vårt, Helsport Spitsbergen 4-mann, var fantastisk. Funksjonelt  med stort fortelt og god plass for vêrfaste dagar.


Me reiste ut 16. juni, 16 timar med båt til Magdalenafjorden og vidare med ski og pulk til base på Hans Henrikbreen. Det vart ein lang dag for oss inn i ukjent terreng i tåka over Smeerenburgbreen. Eg hadde stått natta i forkant over doskåla med magasjau så det var tungt opp Miehtebreen, men gjekk meg stort sett i form og var fin på toppen av breen. Me navigerte både rett og feil, men då me kom fram til basen begynte tåka å lette og me fekk endeleg sjå litt fjell. Ei god kjensle!


Me starta første dagen med rekognosering i Hornemannmassivet for å få utsyn over området. Men dag to ville me berre komme oss i klatringa. Me begynte med ei fjellrute i stive sko før me gikk over til klippeklatring i fine riss. Me hadde veldig varierande vêr. Tåka og dei kjølige temperaturane slapp aldri heilt. Men ved dåreg vêr fekk me i alle fall rekognosert fjellsida. Me fekk med oss den nest høgaste toppen av Aurivilliusfjellet i vinterlege forhold. Den høgaste toppen blei ein alpin tur i strålande sol. Eg ønska også å komme meg på Hornemanntoppen som eg tidlegare kun har sett på avstand med sitt karakteristiske tårn, denne gikk me på ein skyfri dag og det gav oss eit flott utsyn.


Me fekk klatra ein god del (topo og bilder i eige innlegg), men skulle gjerne fått gjort endå meir. Øverst på Hans Henrikbreen låg hovudveggen som me var utgangspunktet for turen. Her fekk me klatra to fleirtaulengder som gav oss litt fred i sjela før med reiste heim. Som klatrar ligg det vel i ein at ein alltid vil meir. Men steike for eit eventyr, me har eit minne for livet!


Det skjedde mykje med snøen iløpet av dei tre vekene me var der. Sørpeskreda raste rundt oss heile tida og var sterkt med i vurderinga på retur av turar. Returen til Magdalenafjorden, der me skulle bli plukka opp med båt, var atter ein tur i tjukk tåke og no også med råtne snøbruer. Slik eg ser det i ettertid kunne me kanskje ha skyvd turen ei veke tidlegare, men vêret kjenner ein aldri.




Miehtebreen i sikte. Foto: K. Hervik

I land ved Magdalenafjorden.




Det var ein seig dag opp stigninga etter ei natt der eg hadde hengt over doen. Foto: K. Hervik


Transportetappe i tåke, sommarvêret på Svalbard!
Første frukost i vår nye heim. Foto: K. Hervik
Ute på rekognosering. Foto: K. Hervik


På veg opp i Hornemann-massivet. Foto: K. Hervik

Foto: K. Hervik

Foto: K. Hervik




Bris er god på å kvile når han kan:-)





Kjersti på 'Rasfare'.






Utsikt til campen vår og Hornemanntoppen.

På retur frå klatring fekk eg eit ublidt møte med denne sprekken. Kjersti holdt att og det vart kun eit par blåmerker på meg.

Retur i tåka.






På veg opp renna til '1072-toppen' på Aurivillusfjellet.





Eit lite parti med klyving opp til toppunktet, Kjersti ledar an.
Foto: K. Hervik
Foto: K. Hervik
Kjersti og Svalbard sitt svar på Trollpikken.




Trolsk! Foto: K. Hervik


Vêret skiftar fort, dagen etter er det sommarstemning! Foto: K. Hervik
Kjersti går 'Liten del av verden'. Flott dieder!
Og så litt tåke att.



Etter ei veke gikk me tilbake til Magdalenafjorden for å hente Karin. Strålande vêr og no skulle me få sjå området og breen me gikk over veka før. Og turen gikk betydeleg raskare i godt vêr!

Miehtebreen og Magdalenafjorden.


Camplivet!
Bris elskar kos!




Foto: K. Eknor

Dagstur til høgaste topp på Aurivilliusfjellet, 1107 moh. Foto: K. Hervik

Kartlesing.

Toppen i sikte.
Litt opp og ned gjennom fjellmassivet.


Kjersti på traversen.





















































Toppen av Aurivilliusfjellet! Foto: K. Hervik
Happy chicks :-)
Retur og ny rappel. Foto: K. Eknor
Foto: K. Hervik

Alltid vêr for rekognosering.





Alle hadde med ein liten overrasking kvar. Kjersti hadde med strikketøy, Karin yatzy og eg ei bok for høgtlesing med smågodt til.

Kleda blei brukt godt!


Foto: K. Eknor


Foto: K. Hervik
Det skjedde mykje på breane på to veker. Her har det begynt å smelte fram små innsjøar, det gjorde oss litt spente på returen endå ei veke fram i tid.


På veg mot Hornemanntoppen frå vestsida. Foto: K. Eknor
Smeerenburgbreen og Bjørnfjorden. Breen me kryssa på transportetappen tur/retur Magdalenafjorden. Foto: K. Eknor

Sol og nydeleg, derav sportråkking i djup solpåvirka snø.
Foto: K. Hervik








Karin på ei taulengd til toppen av Hornemanntoppen. Foto: K. Hervik
Foto: K. Hervik
Eg vil klatra! Foto: K. Hervik
Foto: K. Hervik
Hengande standplass. Det er berre å bite i seg kor ildt ein har i beina. Foto: K. Hervik



Grovt fjell! Foto: K. Hervik

Det er berre nydeleg! 1.tl på 'Blodtoget'.




Karins riss i kamin. Foto: K. Hervik


3. tl på 'Svalbardeventyr' Foto: K. Hervik
Gode klede frå Devold! Foto: K. Hervik
Foto: K. Hervik

Returen tok heile natta. Me skulle igjen få tåke og her kom me feil på breen og måtte snu heile taulaget for å komme oss ut att av opne sprekkesystem. Råtne snøbruer på returen og ei tåke til å bli koko av, men god stemning i laget :o) Kjersti plaga med bihulebetennelse, men måtte berre bite tenna saman for fram måtte me jo.


Ned Miehtebreen, Waggonwaybreen i bakgrunnen. Karin fekk svi låra litt ekstra bak pulkkoplinga ;)


Siste to timane før me blei henta kom regnet og alt blei blautt. Stille og sliten gjeng;)





Dusj, masse god mat og fersk frukt venta oss på Nordstjernen. Foto: K. Eknor
Eit par dagar retur på båt og det var spesielt ein som var klar for å komma i land. Eg har hatt med Bris på fleire turar, og han skuffe aldri, ein fantastisk kar å ha med seg! Foto: K. Hervik


Kjersti og Karin, tusen millionar takk for turen! Diggar dikka! ;o)



Sjå klatretopo her:
https://draumetur.blogspot.no/2017/07/klatretopo-aurivilliusfjellet-nordvest.html