lørdag 29. august 2015

I år som ifjor - på fotooppdrag til Nordenskioldbreen

..men Adolfbukta og Nordenskioldbreen er ein 'innanfor' plass å vera ei veke!
Endre har eit fotoprosjekt gåande, og eg blir med som bærar, teknisk assistent og kokk. Alle mine bilder er teke med mobilen min, så det blir spennande å sjå kva fotoprosjektet med dei gode bildene vil by på. :)

Opprinneleg plan var å dra til Wahlenbergbreen, men der var det så masse is at me ikkje kom oss inn til land.

Dermed endte me opp på Nordenskioldbreen, men tipptopp det! :)










Til fronten av breen

Vakkert! Me er heldige som får vera her akkurat no!

 

lørdag 22. august 2015

Longyear-fjell

Eg er voldsomt glad i kvardagsturane i nærområdet, det betyr masse at Longyearbyen har toppar på alle kantar. Mange av dei er ganske korte og effektive og lett å kome seg til.
Men me har lengre fjellturar også, eventuelt kan ein gå frå topp til topp for å kunne vera lenger ute.

Brit Helen tronar over byen på Trollsteinen, flott sommar- og vintertur.

For meg er Sarkofagen er ein av dei kulaste, mellom Larsbreen og Longyearbreen.

På veg til Blomsterdalshøgda, med flyplassen i bakgrunnen.


Maaasse stein på desse turane..


Kjem ein først opp er mange av 'toppane' paddeflate. Her frå Platåfjellet.

Sverdruphammaren ute på ein tupp for seg sjølv.

Sverdruphammaren med utsikt :)

Her bur altså eg :)


Lindholmhøgda - ein av mine favorittoppar - med denne kjekkasen.
Ser fram til at eg ein gong kan få meg hund, ein fin og god tur-hund.

Gruvefjellet, sjelden besøkt topp av meg. Også her med utsikt over Longyearbyen.

Ein anna av mine favorittar, Nordenskioldtoppen (1053 moh).
Hytte på toppen frå 1930-talet som ein svensk ekspedisjon nytta til forskningsformål. (skulle ha visst meir om historien)


Hei folkens!
 
Tur med desse to karane til Endalen :)


Kajakktur over fjorden til Hiorthhamn med Ingrid for å gå til Sneheim. Deilig tur og deilig dag.

Idag var det for heitt med stillongs!

Sneheim for oss sjølv.


Hiorthhamn, tidlegare gruveby, på andre sida av fjorden for Longyearbyen.



Hiorthhamn

mandag 3. august 2015

Fastlandsferie

Tre korte sommarveker på fastlandet, litt stress, men mest fint!
Oslo, Valdres, Eidsbugarden, Sogn, Aurland, Valdres, Oslo, Bohuslän og Oslo
..ahh, fint i norsk natur!!!

Steike fin dag på Vinjerock. Dro til Falktind til fordel for konsertar og øl.

Hello!

Kort bukse?

Fin klyving

Falketind i bakgrunnen
 
Fjelltopp med utsikt

Så bar det heim. Her på mektige Tuftebreen

Herle gjensyn med Steinmannen! :)

Fin bretur!

Aurland for å følge min grådig spreke tanteunge, Håvard, på Rimstigen opp. Her set han ny løyperekord i klassen 13-14 år. Men til å vera ein liten kar som spring 5 km på tid 18.06 er eg ikkje overraska. Han har allereie hevda seg i mange greiner på friidrett, motbakke og ski - blir spennande å følgja framover!

Utslåtte deltakerar

Så Hallvard, min kjære svoger og pappa til Håvard, du imponerer!
 
Ringe mor og onkel heime for å fortelje om løpet sitt

Grundig evaluering av løpet

Bilde med Norges beste motbakkeløpar Torbjørn Ludvigsen - to motbakkekongar i kvar sitt alderstrinn :)
 

Håvard med Nærøyfjorden i bakgrunnen.
 
Vinnarane. Torbjørn Ludvigsen og Eli Anne Dvergsdal på 1. plass. Krister Skjeldal er ein spreking som kom på 2. plass!

 
Så bar det til Valdres. Fjelltur i fint landskap, men blei dessverre ikkje flygevær..

Så me reiste på rekognoseringstur til Presten i Valdres - som me har lyst å klatre ein gong.
Det var ikkje akkurat merka sti dit.. huff av meg for ein anmarsj
 
 
Wow - eg har ikkje vore her tidlegare og var spent. Der er altså Presten.

Det er rått og eg er supergira. Det er nokre kjempefine linjer på fem taulengder. Håpe på meir stabilt vær og mindre nedbør neste sommar!!
 
God, slapp stemning på trappa til Mor Før

Alltid sushi når ein er i Oslo :):)

Luftetur til Operaen


 
 
Oh jeh! Bohuslän!

Hyggeleg standplass

Og jammen var ikkje Jakob der plutseleg :)

Campingliv

Meg på Villskudd på Välserød - klassikar
 

Endå ein hyggeleg standplass

Ny spasertur

Kvitvin og sushi på feiring av at Endre sin artikkel blei godkjent for Nature!

 

Syriljentene tok gull på Norway Cup. (Foto: Odd Inge Rand)
Må legga til eit anna bilde som er stjelt frå Sogn Avis.
Synne, min tøffe tanteunge, var med og vann gull på Norway Cup i sommar for jenter 14-lag. Synne står framme som nr to frå høgre. I tillegg var begge søstrene med, Stine og Synne, når dei vann Sør Cup i Kristiansand tidlegare i sommar for
J 15/16! Dei er gode!