lørdag 8. februar 2014

Eit nytt kapittel

Då flytte eg altså til Longyearbyen med jobb i Svea.
Kanskje mi favorittid der oppe vil vera i tida før sola kjem, i februar..? Slutten på januar, som på bildene under, er ei magisk tid.

Smuglar-salma :-) I Longyearbyen sel dei ikkje salma-laks lenger, pga at dei er redd den ikkje har topp-kvalitet pga den lange fraktvegen.
Uskarpt bilde av fargerike hus.
Platåfjellet
Eg blei stum når eg såg kva me våkna opp til her. Skyfritt og fine konturar.

Kom meg for seint på fjellet til å få det fine lyset, men fortsatt fint og stemingsfullt!
Longyearbyen
Kloss i Longyearbyen kan ein få seg ein alpin fjelltur, Sarkofagen.
God snø i bratta!
Dårlig og glatt stein!
Her var det ikkje tid til å ta opp stativ. Eit kjapt knips før me måtte komme oss ned før mørket og vinden blei for voldsom. Utan økser og stegjern gikk det ikkje vidare.