I år fekk eg overtalt arrangørsjefen til å ta den årlege toppturcampen i juni til Nordvest-Spitsbergen. Stor gjeng - 11 personar på tur i 10 dagar.
Nokre var ukjente for kvarandre, men dei fleste var kjente frå før.
Det blei ein dryg båttur nordover i grov sjø og motvind, det var også snakk om å endre destinasjon på vegen. Men, me kom oss til Smeerenburgfjorden og Bjørnfjorden - litt bleikare i trynet enn før me reiste, men det gikk fort over.
Pga dei varierande vêrforholda skulle det vise seg å bli meir fatcamp enn toppturcamp, men fy flate kor moro - bra gjeng! Nokre dagar var det skikkeleg vinter i lufta, og av og til så dårleg at me hang i camp og berre åt snop +++. Nokre lange skiturar blei det uansett. :) Alt i alt blei det ein utrule moro tur. Talenter blei vist fram både innanfor dans og musikk, og det viste seg at fleire er veldig glad i å bruke ild og brenne ting.
|
Glad Bris for å endeleg vera framme :) |
|
Håndtlanging |
|
Nok av mat og utstyr iallefall |
|
Nokre på andreturen med utstyr frå fjæra til campen |
|
Oppsetting av dome. Bjarte følger med på at det går rett for seg. |
|
Vaktbikkja Bris kan ta det med ro og kvile seg i sola, isbjørnen holdt seg i fjæra og droppa heldigvis å koma opp i campen vår! |
|
Camp-spot med utsikt er viktig. Utsikt til Smeerenburgbreen. |
Etter ein laang båttur med våkenatt og mange timar med utstyrstransport til camp og oppsett av camp la me oss sånn i tre-tida på ettermiddagen og sov rundt til neste morgon (17 TIMAR!!) alle mann. Vêret var bra, så det var å gni søvnen ut av augene og dra på ski- og rekognoseringstur
|
På veg oppover Viksbreen |
|
Fargeklattar |
|
Withfjellet |
|
Masse masse latter og fjas i camp :-) |
|
Bjarte og Bris |
|
Så kom tåka og dårleg turvêr |
|
Verdens finaste og snillaste - Bris |
|
Kvalitetsmiddag kvar dag frå storkjøkenet |
|
Vidar flørte med kameraet |
|
Kreative sjeler lager aktivitetar. Spenninga står i taket for å sjå om brennaren klare å sprekke steinen.. |
|
den delte seg i tre.. |
|
Talent blir vist fram |
|
AU |
|
Så er me klar for tur att! |
|
Tåka begynne å legge seg att på slutten av turen |
|
Og morgonen etter blei det dramatikk når domen, 3,5 meter høg, kollapsa av den tunge snøen som kom |
|
Ballerina-Bjarte |
Det ordna seg med domen heldigvis!
|
Skikkeleg vintervêr i juni |
|
Høgtlesing om den tragiske historia om Torgeir Møkleby og Harald Simonsen frå 1922 som utspant seg i nærområdet for campen vår. |
|
Musikkinnslag |
|
Straks middag |
|
Masse godt :) |
|
Fornøgd hund når han fekk vera med på det som skjedde i storteltet |
|
Lene :) |
|
Folk i fjæra! Ein båt i tåka! Og jammen var det ikkje Ny-Ålesund folk som hadde høyrt at Anette var i området |
|
Kort luftetur |
|
Lene, Linda og Kristina :) |
|
Fjonge damer |
|
Godt å få ligga inne litt |
|
Linda og Bris |
|
Så blei det bra nok for nye utflukter |
|
Målet var Trollhättan, men det gikk ikkje denne gongen |
|
Sol og tilsynelatande bra snø! |
|
Kven kan vise flest tenner..? |
|
Digg lunsjplass då! |
|
Stadig nokon som skal drive med ild og brenne noko |
|
Etter ei kongeveke er det nedrigging av camp |
|
Og tidenes pulk-bonanza ned bratta |
|
Solbrillejenter, Kristina og meg |
|
Godt HMS ikkje blir undervurdert sjølv på korte båtturar. Nokre treng større redningsvestar enn andre, og andre att ser det nødvendig å bruke hjelm - tommelopp! |
super tur, folkens! takk for den! :)