fredag 7. juli 2017

Klatretopo Aurivilliusfjellet, Nordvest-Spitsbergen

Karin, Kjersti og Ellinor reiste til Aurivillusfjellet ved Hans Henrik breen på Svalbard for å rekognosere kva klatring denne vetle granittbiten hadde å by på. Me gjekk fleire ruter, alle i god stil.
Korleis komme seg hit: 16 timar båttur frå Longyearbyen og ein dag transportetappe på ski. Tidsbruk på transportetappen avhenger veldig av vêret og snøforholda på breen, store sprekkesystemer.


Det er uberørt så ein del laus stein og tørrmose må ein rekna med. Men det er mange flotte riss i området! Me rekognoserte mykje og måtte klatre oss litt inn for å bli kjent med avstandar og steinkvalitet. Grovt fjell!


Me var veldig gira på å gå meir, men vêret sette ei begrensning for oss. Nederst i innlegget er det lista noko av potensiale som me såg.
Utover rissklatring har området fleire alpine toppar og fjellruter som ein må få med seg :)






OVERSIKTSKART:



Koordinatar
HH-bre nord: 33 X 434287, 8838370
Campveggen: 33 X 435840, 8836811
Tigerveggen: 33 X 436248, 8835737
D'wall: 33 X 436605, 8835393






Geologisk kart Svalbard. Områder i raudt er granitt og det er ikkje mykje å snakke om. Me var i nordvest (markert firkant), der er det to fjell med granitt, fjella rundt er berre laus stein.




Og det er gjerne slikt graps ein forbinder med Svalbard, med rette:
 

HH-BRE NORD:
Crag langt nede på Hans Henrik breen, i krysninga til Smeerenburgbreen.
Crag med nokre kjempefine 1-taulengder. 2 flotte riss me ikkje fekk gått, sjå under potensiale. Potensielt kunne det vore fleire ruter her, men då i veldig utsatt område for steinsprang ovanfrå.
OBS på bresprekkane nær veggen.








1. Tåkerus 11m, 6. Kjempefin. FA: E. Falkgjerdet
2. Fina fisten 10m, 5+. Fin og rein, stor hånd. FA: K. Eknor
3. Småbrisen 20m, 4+. Fin start, laust i toppen. FA: K. Hervik 
Retur: Rapell frå Småbrisen.








CAMPVEGGEN:
Crag rett nordaust frå der me hadde camp, derav namnet. Innfelt område med 1-taulengder. Vel verdt å gå!







1. EFG 25m, 6. Fint riss, grovt. Originalt scramblingstart, ny finare start av Karin til venstre for dette. FA: E. Falkgjerdet
2. Solformørkelse 25m, 6+. Topptau, ikkje sikringsmoglegheit.
3. 4-forføring 25m, 5. FA: E. Falkgjerdet
4. Lite hjørne av verden 26m, 5. Veldig fint dieder. FA: K. Hervik
Retur: Snørenne, mose og 4+riss til venstre for veggen og hent anker.





RASFARE:
Denne ligg også på campveggen. Meir som fjellrute å rekne og gått i storsko. Moro og varierande rute. Nokre flotte klatreopptak og ein del scrambling. Namnet seier sitt.







Rasfare 4tl 150m+75m scramling til topps, 5+. FA: K. Hervik, E. Falkgjerdet
1tl 30m, 5
2tl 30m, 5+
3tl 40m, 4+
4tl 50m, 4+
Til topps 75m scrambling.
Retur: Snørenne og ned på breen på sørsida av fjellet


TIGERVEGGEN:
Linjene her er fine å gå når ein er vêrfast for lengre turar. :)
Nokre tydelege og flotte linjer (tigerstriper) på sida av det me klatra som me ikkje fekk tid til å testa, men ser veldig innbydande ut, sjå under potensiale nederst.




1. Michellin-gubban 15m, 6-. Fin, nokre råtne tak, men verdt å gå. FA: K. Eknor
2. Fuktig draum 15m, 5. FA: E. Falkgjerdet
Retur: Klatre over og down-climb på høgre sida.




D'WALL:
Det var desse veggane me kom hit for i utgangspunktet. Fleiretaulengder med masse fin klatring! Her gjekk me Blodtoget og Svalbardeventyr.














BLODTOGET:

Blodtoget 4 tl, 105m, 6+. FA: K. Hervik, K. Eknor, E.Falkgjerdet
Snudde 15meter frå toppen. Klatringa var innanfor, men me kom til ein 2,5m høg og 40cm brei stein som sto som ei kjegle opp ned på ein liten stein. Det var for utsatt og utrygt å passere den.

1tl: 35m, 6-. Punktcrux, standplass på hylle.
2tl: 30m, 5. Bratt opptak frå stand, deretter lett klatring på usikra sva med svartmose. Standplass på tårnet.
3tl: 20m, 6+. Flott riss, smuldrete stein første delen og litt krevjande å sikre. Hengande standplass.
4tl: 20m, 5+. Fin. Riss opp til takoverheng, så høgre ut henget. Uhyggeleg standplass under den store lause blokka (som sikkert snart er vekke).

Retur: To rapellar. Opprinneleg plan var å returnere snørenne i bakkant.
OBS! Stor og djup sprekk ved innsteg.





SVALBARDEVENTYR:
Siste dagen vår på eventyr. Me gikk for ei linje på den største veggen sjølv om me var inneforstått med at me mest sannsynleg ikkje ville rekke å toppe ut. Me klatra til midt på veggen.


Svalbardeventyr 4tl 100m, 7-. FA: K. Hervik, K. Eknor, E. Falkgjerdet
Me klatra den i 5tl, men kan klatrast på 4 som teikna. Tips: Ta med cam 4 og 5, 2 stk cam 2 og 3 og fleire 1er cam.

1tl: 25m, 5-. Lett, men laust. Standplass på hylle.
2tl: 20m, 6-. Veldig fin. Riss i kamin. Karin gikk, så den fekk namnet 'Karins kamin'. Hengande standplass.
3tl: 20m, 7-. Fin, hard klatring. Start i off-width og fortsetter til crux i bratt overheng. Laus stein i risset som gjorde det vanskeleg med god jam, god jam over laus stein. Ut til venstre og hengande standplass i dieder.
4tl: 45m, 5+. Tynt sikra dieder og sva med noko svartmose, to runout.

Retur: To rapellar



POTENSIALE:
D'wall: Svalbardeventyr kan potensielt toppast ut, noko tynt, kanskje aid?
Er ein del usammanhengade riss på veggen. Men det er potensiale.
Forsettinga på Svalbardeventyr, bilde frå der me returnerte.

Tigerveggen:
Veldig synd me ikkje fekk testa desse. Overhengande.






Campveggen:
Masse potensiale, berre å slå seg laus. Det er også ruter nedover langs fjellsida for campveggen.
Eit fantastisk takoverheng rett opp frå diederet på 'Lite hjørne av verden'


Me tenkte også på ein link-up etter ruta 'EFG'. Gå inn på grashylla og opp veggen i bakkant.

HH-bre nord: To reine 1-taulengder som ser kjempefine ut, overhengande. Me prøvde så vidt på den eine på slutten av ein lang klatredag.





Karin testar.


Vegg på av vestsida av brefonna under topp merka '1107' på kartet:


Litt rundt om:






Sjå fleire klatrebilder her:
https://draumetur.blogspot.no/2017/07/klatrebilder-aurivilliusfjellet-svalbard.html








Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar