tirsdag 8. oktober 2013

I love Mt Kenya

Jepp, då kom me oss av gårde til Mt Kenya. Ingen av oss hadde vore her før - me fekk ein opplevelse for livet! Anbefalast!

Mt Kenya består av fleire toppar og nokre brear, og har både fjell- og isklatring. Point Lenana (4985 moh) er den tredje høgaste toppen, dette er ein ordinær fjelltur. Omtrent 16000 personar besøker nasjonalparken i året og dei fleste av desse går på Lenana, ca 60 prosent av desse kjem seg på toppen.
Dei to høgaste toppane er Nelion (5188 moh) og Batian (5199 moh), dette er klatretoppar. Ein antek at ca 50 personar kjem seg på Batian og ca 200 av 500 når Nelion årleg.

Planen vår var å klatre Batian frå nordsida, vidare over the Gate of the Mists til Nelion og tilbake til Batian og retur same veg som me kom. Det er satt opp rapellfester i form av slynger.

Mt Kenya er eit konsentrert fjellmassiv og ein kan gå rundt heile fjellet på ein dag.
Det er tre brukte trekkingruter inn til fjellet. Me gjekk Chogoria route fra vest som er mest scenic. Denne anbefalast, sjølv om det er ein lang biltur på forferdeleg dårleg veg inn til park gate.
Me gjekk ut Sirimon route mot nord. Grei nok, men ikkje like fin. Og masse masse meir folk!

Dag 1: Nairobi - Chogoria Transit Motel (biltur)
Dag 2: Chogoria Transit Motel - Mt Kenya Logde -  Camp 3300 moh
Dag 3: Camp 3300 moh - Minto's hut 4400 moh
Dag 4: Minto's hut - Austrian hut (4800 moh) - Minto's hut
Dag 5: Minto's hut- Austrian hut - Point Lenana (4985 moh) - Austrian hut
Dag 6: Autrian hut - Point Lenana - Austrian hut
Dag 7: Austrian hut - Kami campsite 4400 moh
Dag 8: Klatre Batian, snutur
Dag 9: Kami campsite - Shipton's hut - Old Moses
Dag 10: Old Moses - Sirimon - Nairobi

Først ein køyretur inn til Mt Kenya Lodge. 4 timar på 20 km.
4WD må til. Det skrangle godt og eg lurer på om bakdøra heng på heilt fram..


Bilen må på med kjettingar, me går litt.



 



Mt Kenya Lodge, porten til parken frå vest.
Pakking
To av bærerane våre. Kenneth og Martin. Nokon som trudde Kenneth var eit norsk namn?

Frodig
3300 moh. Over skyene - for ein bra camp!
Fjella langt der borte
Gorges valley
Pause
Artig sak

Minto's hut, 4300 moh
Denne dagen gjekk me frå 3300 til Minto's hut på 4300.
Kvil
Fin camp ved Minto's.
Nærmar oss.

Kvil

Austrian hut, 4800 moh
Camp ved Austrian hut. Nelion i skyene..

Akklimatiseringstur til Point Lenana (4985)




Lenana
Wiihhhhh, ser i toppen - endeleg :o)
Lenana
Tur nr 2 på Lenana
Har det ikkje så værst! :-)
Masse hagl. Været er superskiftande!

Dårleg vær, koser oss med teltlivet!
DER!

Nelion frå søraust. Normalruta starte litt til venstre for midten av fjellet og skråar mot høgre oppover. Det er faktisk ei lita hytte litt over halvvegs i veggen, men den er ikkje noko særleg å overnatte i. På toppen, ute til høgre, er det også ei hytte, Howell hut. Denne skulle me overnatte i.
Nelion og Austrian hut.

Tooth Col
Nordsida. Nelion til venstre (den som ser høgast ut på bildet), Batian er nærmaste toppen til høgre for Nelion.


På veg over til nordsida av veggen og Kami camp.


Stilige veggar!



Kami camp


Skikkeleg dårleg vær dagen før støtedag. Men været skifte veldig fort, så me håpa på bedre vær att. Det beste været er på natta og morningen, før det ofte skyar til tidlig på formiddag. Samtidig er det kun lyst i tolv timar. Sola kjem kl 06.20 og forsvinn halv sju på kvelden og det vert bekmørkt. Me vil komme oss på toppen og over til Nelion og Howell hut før mørket kjem. 



Opp kl 03.00 og av gårde. Ved innsteget får me flott soloppgang.

Tydeleg merka innsteg.
Ikkje noko eg eigentleg treng å lese ved innsteget..



Då er sola straks der, samtidig er me igang i veggen. DIIIIGG!!
Me kan forvente is på ruta..
Herleg fjellklatring!



Stilig opptak til høgre for Endre, og me er straks halvvegs på ruta.


Eg elska dette fjellet! Ein blir omslukt av fjellet med store formasjoner rundt seg.

Eg var veldig spent på korleis klatringa var. Me gikk på North Face Standard Route. På forhånd hadde me skjønt at det skulle vera 26 taulengder. Men etter å ha vore der kan eg aldri tru at det er så mange lengder. Klatringa var ikkje vanskeleg, og routefinding var greit! Pusten er litt tyngre enn vanleg i denne høgda og ein føler seg fortare sliten, men oppdrifta var veldig bra til me måtte snu halvvegs. Ein del is i starten på ruta etter 2 dagars snøfall, men oppover i ruta smelta det etterkvart som sola tok. Me strakk lengdene og gikk ein del løpande. Me hadde fjellet heilt for oss sjølv denne dagen. Når me kom tilbake til campen var det komen fire franskmenn som skulle klatre dagen etter.

Det var forhold som tilsa at me måtte snu. Men ein får sei som Ulvang: 'Men man e da på tur!' :-)
Ettertenksom Endre tilbake ved innsteget :-)
Kami camp

Kvil
Heimreise. Shipton's camp der nede.




Ut Sirimon route
Kvil ;-)
Siste camp, Old Moses

Old Moses
Endre, Amos, Martin, Kenneth og meg.
Bærerane gjorde alt som me ville, og dei klaga aldri. Typiske sayings frå Amos var:
'not cold' etter kvar natt (og me var glad for å ha vinterpose!),
'ok, no problem',
'they are strong enough' om bærarane.

Elephant poo
Baboons
Baboons


Sirimon Gate
Me fiksa alt når me kom ned til Nairobi. Gjennom ein agent, som hotellet vårt fiksa, fekk me ordna transport og bærerar. Eg er litt usikker på kva som er best å gjere. Når ein brukar ein agent i byen så tek han veldig masse av pengane me betaler. Eg skulle ønske at bærerane fekk masse meir pengar. Sjølv om me vart lova at dei skulle få masse, så er eg heilt sikker på at dei ikkje fekk dette. Det beste hadde vore å droppa agent-leddet og fått tak i bærerar sjølv. Men når me reiste ned var det ikkje så lett å vete korleis me skulle få tak i bærerar, no har me derimot kontaktinfo direkte til bærerar. Samtidig er det eit dilemma. Det føles tryggare når me bruker ein agent, for då føler eg meg ganske sikker på at bærerane ikkje vil stjele noko frå oss ettersom dei må stå til ansvar ovanfor agenten.
Men i tilfelle neste gang, vil eg nok droppe eit ledd og avtale direkte med bærerar. Få dei til å ordne transport til/frå Nairobi, park fees og bæring.

Vil også nemne det her med park fees. Her kan ein bli lurt ettersom park fees blir betalt av agenten/guide og ikkje av ein sjølv, og mange veit ein ikkje kva det kostar. I år kostar det $320 for 6 dagar, her får ein ikkje att noko om ein går ut av parken tidlegare. Utover 6 dagar koster det $55 pr dag, dette må ein sei ifrå om til bærerane slik at dei får gitt beskjed til parkvaktene om ekstra dagar.

Mange, mange her nede har så mykje mindre enn oss. Ein ser folk som går rundt i både Helly Hansen og Bergans, gåver som er gitt bort av turistar. Om ein har med seg ekstra klær er det fullt mogleg å la nokon arve det. I tillegg kanskje tipse litt ekstra til bærarane.

Me har hatt det heilt fantastisk i Mt Kenya!!! :-) :-) :-)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar