lørdag 22. august 2015

Longyear-fjell

Eg er voldsomt glad i kvardagsturane i nærområdet, det betyr masse at Longyearbyen har toppar på alle kantar. Mange av dei er ganske korte og effektive og lett å kome seg til.
Men me har lengre fjellturar også, eventuelt kan ein gå frå topp til topp for å kunne vera lenger ute.

Brit Helen tronar over byen på Trollsteinen, flott sommar- og vintertur.

For meg er Sarkofagen er ein av dei kulaste, mellom Larsbreen og Longyearbreen.

På veg til Blomsterdalshøgda, med flyplassen i bakgrunnen.


Maaasse stein på desse turane..


Kjem ein først opp er mange av 'toppane' paddeflate. Her frå Platåfjellet.

Sverdruphammaren ute på ein tupp for seg sjølv.

Sverdruphammaren med utsikt :)

Her bur altså eg :)


Lindholmhøgda - ein av mine favorittoppar - med denne kjekkasen.
Ser fram til at eg ein gong kan få meg hund, ein fin og god tur-hund.

Gruvefjellet, sjelden besøkt topp av meg. Også her med utsikt over Longyearbyen.

Ein anna av mine favorittar, Nordenskioldtoppen (1053 moh).
Hytte på toppen frå 1930-talet som ein svensk ekspedisjon nytta til forskningsformål. (skulle ha visst meir om historien)


Hei folkens!
 
Tur med desse to karane til Endalen :)


Kajakktur over fjorden til Hiorthhamn med Ingrid for å gå til Sneheim. Deilig tur og deilig dag.

Idag var det for heitt med stillongs!

Sneheim for oss sjølv.


Hiorthhamn, tidlegare gruveby, på andre sida av fjorden for Longyearbyen.



Hiorthhamn

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar