mandag 28. desember 2015

Magiske mørketid

Denne jula har vore voldsomt skiftande vêrmessig i Svea, men dei fine dagane innimellom er heilt fantastiske! Me er inne i det mørkaste på mørketida no, men sola har snudd og snart vil lyset begynne å trekke mørket vekk. Tida flyr!!
Eg skal nyte den fine tida framover, eg er heldig som er akkurat der eg er!
 
AF-riggen. Mitt kontor med julestjerna.
Brakkejulepynt :)


Gruvestackeren, produksjonen av kol går sin gang også på julafta.
Oppredningsverket med gruvestackeren bak til venstre.

27. desember fekk me oppleva eit naturfenomen - i tillegg var det nordlys og nesten full måne :)
Ahhh så deilig og fint!
Å sjå noko slikt midt i mørketida gjorde noko med oss alle denne dagen.

 
Den ellers så mørke dagen blei ikkje så mørk då lyset frå sola blei reflektert i stratofæriske skyer.
Det er veldig sjelden at skyene ligg plassert på ein slik måte som dei må for at dette fenomenet oppstår.




Lasteanlegget på Kapp Amsterdam.



Anlegget kviler fram mot ny skipningssesong neste haust.


 
Værskifte frå ein dag til den andre.
Lettare å ta bilder på finværsdagar. Etter 27. desember har det vore plussgrader, regn, masse vind og mange kansellerte fly. Det går mot ei blaut nyttårsafta her i Svea. GODT NYTT ÅR! :)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar