I fjor prøvde me oss både frå sørsida og nordsida på Westbyfjellet i Atomfjella, men snudde begge gongene pga skredfarleg snø. Me fann uansett ut at me ville gå for nordsida i år for der ville me ha størst sjans for å toppe ut.
Det er ikkje det høgaste i området, men det er eit fantastisk flott fjell.
Me var spent på korleis ein del passasjar oppover ville vera - brattheit og eksponering opp mot korleis snøen var. På turen opp tenkte eg også ein del på returen og om snøen ville halde seg bra, eller om sola ville endre på den. Våt solpåvirka snø ville ikkje nødvendigvis bli så kult ned dei bratte rennene. Returen gikk derimot kjempefint, den tok lang tid, men gikk fint.
Omgitt av fjell
Mengder med snø i den første renna
Endre i fint driv
Det er berre å tråkke seg oppover
Spennande travers
Vidare i renne nr to. Laang og bratt i fin tråkkesnø.
Endre som ein prikk langt der nede
Etter dei to første rennene var me over halvvegs, og det fortsatte i eit slags rennesystem. Siste 150-200 meterane slaka terrenget veldig ut - skikkeleg deilig! Fantastisk god og romsleg plass på toppen!
Straks på toppen-toppen. Utsikt mot Austfjorden og fronten av Smutsbreen
På toppen halv til på kvelden.
Også her må det takast med stein tilbake i sekken.
Ein liten glad-videosnutt frå turen. Eg snakka ein del i kameraet, men eg var så redd for å miste GoPro'en så eg har holdt over mikrofonen og dermed blir det meir musikk enn prating:
Dette gjorde godt for kropp og sjel, to glade kroppar kom seg til ein kul topp! :)
Heldig som er på tur i så bra område og med ein fin mann!
Og i camp sto middagen klar når me kom tilbake på natta :-)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar