fredag 15. april 2016

På ski frå Verlegenhuken og heim

Så reiste eg og Johanna på ein 14-dagar skitur ilag med Tuisku og Bris. Eg kjente ikkje Johanna frå før, hadde kun truffe ho ein gong tidlegare. Eg hadde lyst til å gå ein lengre fjellskitur, mens for Johanna var dette ein kort treningstur før ho skal gå til Sydpolen til hausten. Det er lenge sidan eg pleide å gå slike turar, og det såg eg på utstyret - til neste tur skal eg skifte ut dei gamle skoa og skibindingane mine. :)

Me blei skyssa opp til Verlegenhuken, nordlegaste punktet på Spitsbergen, med scooter. Så gikk med tilbake, rundt 230 kilometer. Me hadde turen som målet og ikkje raskaste veg til Longyearbyen. Me gikk ikkje normalruta som ein pleier å gå under Svalbard på langs, men me valgte ei rute gjennom det mest alpine området på Svalbard, Atomfjella. Det innebar bratte pass og tung snø å gå i, men steike kor verdt det det var. Tusen takk for turen, Johanna Davidsson!!! Det var ein fantastisk tur!


Planlegging :) Breinfo frå Endre om breane i Atomfjella.

Johanna og Bris før utkøyring

Forlatt og forblåst scooter med slede på veg nordover


Johanna skulle hatt tissetrakta si her gitt..;)

Dagstransport med scooter til Verlegenhuken

Tiusku og Bris

Åsgardfonna

Polheim. Så langt nord har eg aldri vore, men me skal lenger

Camp Verlegenhuken og 80 grader nord :)

Toppen av Spitsbergen

Team Tiusku og Johanna :)

Flokken :)

Starten var flat, men pulkane usannsynleg tunge. Litt snøbrøyting, men det er soool!

Johanna har funne den uvurderlege tissetrakta si. Det var utrule godt å sleppe å ha rumpa bar under kulde og vind på turen!
 


Første camp etter Verlegenhuken

Då var me kome oss på breen!! Her på Dunérbreen

:-)

Bris

Så forsvant sola for oss for ei stund. 3. overnatting.
Tung dag for meg - godt å kome til camp.

Sjølv med sol var det veldig kaldt i vinden. Lunsjen blei som oftast gjennomført inni her, genialt!

Johanna klar for lunsj i vindsekken
 
Ny dag - storbreen Åsgardfonna

Etter sjølutnemnte større bragder fann me fram denne og helte i kakaoen!
 
Jeje - kven seier ein ikkje kan stole på snubleblussen..?!

Bris med ein morgonstrekk


 
Frost i skjegget



Bak dei toppane er Atomfjella, ser så vidt i Perriertoppen


Fantastisk kveld
 

Pastellfargar i aust

Solnedgang i vest


Foto: Johanna

Lunsj
Widjefjorden

 
Glad frøken når me ser avstikkaren vår inn i råkule Atomfjella og ut av 'normaltraseen'! Og toppen me har sett på heile dagen langt der framme skjønnar me først no er Perriertoppen.

Perriertoppen i skya til høgre

Nei nei nei - øydelagd glidelås på buksa.. Sying på gang.

Så var det å sigle ned til Reinsbukkbreen


Der er det brattaste passet vårt på turen - Perrierpasset.                                    Foto: Johanna
 
Toppen av Perriertoppen (1710) i tåka


Meg og Bris foran Svalbard sitt nest høgaste fjell.           Foto: Johanna
 
Dryge bakkar med tung Acapulka
 
Johanna dreg tungt, og Tiusku skulle vel ha vore til litt meir hjelp her..
Perrierpasset frå nordsida er bratt. Det var nokre tunge periodar i dagane før me kom hit så korleis skulle det gå inn i den tunge ruta me hadde valgt? Me kjente ingen som hadde gått passet før så me visste ikkje heilt kva me gikk til, berre at det var bratt og at det kunne vera nokre breglepper oppover. Men me gikk passet i to omgangar, gikk opp med halvparten av utstyret og ned att for å hente resten. Det er nesten moro å tenka tilbake på faktisk. :)
Braaatt og stegjernsføre.                   Foto: Johanna
 
Foto: Johanna
 
Perrierpasset
 
SÅ - oppe og Johanna sikler på psycho-renna på Pallasfjellet.

Hundane er også glade :)

Heldige jenter i dette landskapet!! Utsikt frå Perrierpasset og sørover. Under tåka ligg Tryggvebreen.

Definitivt ein dag som er verdt whiskey-i-kakaoen


Me kose oss på tur :)
Me låg to netter på Tryggvebreen, for planen vår var å ha ein dag med topptur til Perriertoppen. Me gikk oss ein skitur denne dagen, men kom ikkje til toppen då den låg i tjukk tåke.
To netter i tåka på Tryggvebreen.
 
Masse snø i Atomfjella, så det var berre å brøyte seg sakte men sikkert fram. Gallerpasset ligg foran oss.
Ikkje like bratt som Perrierpasset, men Gallerpasset er bratt. Her måtte me også gå to turar for å få med oss alt utstyret. På eit vis føltes det litt tyngre opp her, det er langt og seigt. Og me hadde nok mentalt forberedt oss meir for Perrierpasset. Eg har vore her nokre gonger så trudde eg visste kva eg gjekk til, meeeen perspektivet er litt anleis når ein køyrer scooter ned eller går utan pulk opp....:)

Råskinnet Johanna :)

 
Me forlot hundane på Gallerbreen etter første runden. Og SÅ glad var hundane når dei såg oss att etter me hadde vore borte ein god time for å henta resten av utstyret:
 
 
Lunsj på veg ned mot Smutsbreen og Stubendorffbreen


Litt flatt lys opp Stubendorffbreen.

Så nedover Stubendorffbreen

Stubendorffbreen er lunefull med snødekte sprekkar. På bildet ser me bort på austsida av Salknappen med opne sprekker.  

Kompisar :)

Ein tuuung dag opp Harkerbreen. Mengder med snø og det føltes som me så vidt seig framover.

Harkerbreen er kjempekul. Eg har vore her å gått toppturar tidlegare, og Johanna trur eg har veldig lyst tilbake med randoskia sine.. ;)

Slitne..

Solo Sister som skal gå til Sydpolen til hausten :-)


Men me kom oss opp og til Sentralishetta, og dagen etter var det inn i 'normalruta' og scootersporet på Lomonosovfonna. Meeen, det er ikkje til å stikke under ein stol at det var litt digg å gå i scooterspor.. :)
Sjølv om det var seks jenter i to grupper som starta frå Verlegenhuken same dag som oss, så såg me aldri dei att. Me gikk for oss sjølv heilt til Lomonosov utan å sjå folk.



Tipptopp morgon.                       Foto: Johanna
Meg og Tuisku.                           Foto: Johanna



Von Postbreen                                                        Foto: Johanna  
Siste overnatting, denne var me knall-heldige med! Von Postbreen.  Foto: Johanna


Siste dagen i atter strålande vêr og i scooterspor.



Godt innpakka, men det er berre å nyte livet på Rabotbreen - siste lunsj.



Flokken :o)

Johanna sin beretning om turen:
 

1 kommentar:

  1. Tack för turen Ellinor!! Den var rätt o slätt fantastisk :)

    SvarSlett